• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Webinar om gjenreiste byer

12 mai 2020 Written by
Published in Blog
 

Utviklingsnett på nett, 28. mai kl. 08.30 - 10.30

Riksantikvaren arrangerer webinar om gjenreiste byer

Siste verdenskrig førte til mange ødelagte byer i Norge. Allerede i juni 1940 ble kontoret Brente steders Regulering (BSR) opprettet. BSR var sentral i gjenreisningen, og har prega byutviklingen fram til i dag. Gjenreisningshus er historiske vitnesbyrd, og viktig kulturarv. Flere av de gjenreiste

områdene er med i Riksantikvarens NB!- register (Nasjonale interesser i by). Dette er byområder der byutviklingen må ta hensyn til gjenreisnings-arkitekturen. Slik preger fortsatt arbeidet i regi av Brente Steders Regulering byene i Norge.

Hvordan skal vi bygge stolthet for gjenreisningsbyene, 75 år etter krigens slutt? Hvordan ta vare på verdiene og forvalte dem på en god måte slik at historien kan fortelles til nye generasjoner? Riksantikvarens bystrategi trekker fram byenes særpreg og egenart som viktige hensyn å ta i byutviklingen. Hvordan kan byene som ble ødelagt under krigen, og som reiste seg av asken,
utvikles med utgangspunkt i sitt lokale særpreg? På webinaret skal vi høre hvordan det jobbes i noen av byene, gjennom strategier og virkemidler som tar utgangspunkt i gjenreisingshistorien. Vi skal se på bygningenes funksjon, farge, form og historiefortellende kraft!

Skjermbilde 2020 05 12 kl. 12.09.11

Påmelding her: https://www.riksantikvaren.no/kalender/webinar-utviklingsnett-om-gjenreiste-byer/ 

Skjermbilde 2020 05 12 kl. 12.08.14

Skjermbilde 2020 05 12 kl. 12.07.42

 

 

Send skjema her

29 apr 2020 Written by
Published in Blog

Momskompensasjon – Frist 1.mai

Vi minner om at frist for å sende inn søknad om momskompensasjon for 2019 til Landslaget for lokalhistorie er 1.mai 2020

Skjema for innsending finner dere her: http://www.landslaget.org/index.php/2015-02-13-11-30-01/medlemsfordeler/momskompensasjon/sende-soknad

 

 

Ny utgåve av Heimen

23 apr 2020 Written by
Published in Blog

Frå redaksjonen

Det fyrste Heimen-nummeret i 2020 held fram med den breidda redaksjonen ønskjer at tidsskriftet skal ha, både tematisk, periodisk og metodisk.

Anne Drageset tek føre seg gravskikkane i Hardanger i jarnalderen (500 f.Kr.–1050 e.Kr.). Gjennom ein analyse av heile 1500 graver har ho funne tre hovudskikkar, som blir jamførte med granskingar i dei tilgrensande regionane. Spørsmålet ho ønskjer å svare på, er om det kan identifiserast eit eige gravspråk, eller ein dialekt, for Hardanger.

Det regionale perspektivet pregar også Kari Lindbekk og Tomasz Opach sin artikkel om befolkningsutviklinga i Trøndelag frå 1866 til 1914. Gjennom ein omfattande demografisk analyse har dei kartlagt skilnadene mellom kommunane i Trøndelag både når det galdt utvandring og indre flytting. Eit sentralt spørsmål i drøftinga er korleis ein mobil arbeidsstyrke på jakt etter levebrød bidrog til næringsøkonomisk omstilling. Artikkelen er også eit interessant metodisk nybrotsarbeid ved den omfattande bruken av kart ikkje berre som illustrasjonar, men som sentrale analyseverktøy i historieforskinga.

Då Hans Try døydde i 1990, etterlet han seg fleire manuskript. Ein av tekstane, om det store bryllaupet på Reiersdal i 1820, prentar me i dette nummeret. Try brukar etterspelet etter det livlege bryllaupet som inngang til å sjå på styresmaktenes tiltak for å motarbeide «Overdaadighed» og «Luxus» mellom allmugen. Artikkelen er tilrettelagd av Bjørg Seland, som også har skrive ein introduksjon til artikkelen der ho set han i samanheng med forskingsarbeidet til Try. Kjeldene til Try er spora opp, og Seland gjer greie for korleis teksten er klargjort for publisering.

Sjølv har Seland arbeidd vidare med temaet til Try. Artikkelen hennar om samfunnsånd og sosial kontroll i norske bygdesamfunn tidleg på 1800-talet er den fyrste samla framstillinga av dei mange skriftlege avtalane (foreiningane) som vart inngått i norske bygder for å fremje sparsemd og måtehald. Hans Try reiste spørsmålet om slike avtalar var ein forlaupar for frivillig foreiningsliv i bygdene. Selands konklusjon etter å ha analysert innhaldet i og bakgrunnen for avtalane i kring 15 lokalsamfunn er at det er eit svakt grunnlag for ein slik teori. Artikkelen er eit viktig tilskot til forskinga på tilhøvet mellom allmuge og øvrigheit før og etter 1814.

Det er tre bokmeldingar i dette nummeret. Nils Olav Østrem melder A tale of a Fool? av Gudný Hallgrimsdóttir. I ein norsk lokalhistorisk samanheng gjev boka – og bokmeldinga – interessante innblikk i bruken av mikrohistorisk metode. To band av Soga om Sogn og Fjordane (2017) er melde tidlegare, og i dette nummeret kjem det meldingar av dei to banda som stod att. Knut Dørum skriv om band 1, Folk i fjordrike (før 1763) av Harald Endre Tafjord og Harald Krøvel, medan Steinar Aas melder band 4, Kraft og motkrefter (etter 1945) av Hege Roll-Hansen.

God lesnad!

Heimen kan leses her: https://www.idunn.no/heimen

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.