Frå kveldsseto 18. april

20. april 2024 | Ingen kommentarar

Formidabelt frammøte til kveldsseto på Lesjaskog skule torsdag denne veka. Temaet var utvandring frå Lesja til Nord-Amerika, og det er det mange lesjingar som har eit forhold til.
Arnfinn Kjelland heldt foredrag, og fleire supplerte med historier frå besøk av etterkomarar av dei som utvandra, eller besøk til dei viktigaste områda i Midt-Vesten lesjingar slo seg ned.
Det kan ha vore nærare 80 tilhøyrarar i auditoriet!

Under kaffespleisen på biblioteket underheld Kristin Akslen Hagen med utvandrarmelodiar av skillingsvise-sjangeren.
Plansjane til foredraget ligg her.

Vellykka årsmøte

28. mars 2024 | Ingen kommentarar

Vellykka årsmøte fredag 22. mars med nærare 30 frammøtte. Årsmelding og rekneskap for 2023 vart gjennomgått og godkjent utan merknader. Arbeidsplanen for 2024 fekk og gode kommentarar.

Medlemskontingenten hadde stått fast på kr 100 i mange år, men vart vedteke å heve til kr 150 for 2025, altså for neste år. Medlemsfaktura for i år blir straks utsendt.

Valet gjekk òg kjapt unna, Eldrid Kaarbø som leiar i nemnda hadde alt klart med kandidatar som hadde sagt seg villig.

Etter sakene og kaffe med biteti heldt Rolf Torbo eit muntert kombinert kåseri om eigen tilknyting til Lesja kopla saman med foredrag om det han kallar «Lesjabanen», altså Raumabanen med vekt på strekninga gjennom Lesja.

Leiaren, Geir Ulekleiv, opna møtet.

Hugs årsmøtet fredag 22. aåril!

20. mars 2024 | Ingen kommentarar