• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 73 59 63 95

Blogg/nyheter

Fremsiden av Heimen 1/2017 Fremsiden av Heimen 1/2017
 
Heimen er nå publisert for første gang i en fullstendig gratis utgave, tilgjengelig for alle. Du finner tidsskriftet her:
 
 
Heimen kan leses direkte i nettleseren din, eller du kan laste den ned som PDF.
 
Frå redaksjonen
Heimen har med denne utgåva starta på første årgang av ope, elektronisk publisering. Denne publiseringsmåten har fleire fordelar. Den gir gratis tilgang for alle, utan abonnementskostnadar, den er lett tilgjengelig, og den gir gode søkemuligheiter. Likevel kan det vere gode grunnar for å ha tidsskriftet i papir. Mange vil helst lese på papir. Viss ein berre har den elektroniske versjonen, vil ein i så fall måtte ta utskrift, og ein får alle desse papirlefsene som det er vanskelig å halde styr på. Da er hefta utgåve absolutt å føretrekke. Synspunkta frå Heimens redaksjonsråd er heilt klare på at ein ønsker ei trykt utgåve i tillegg, så tidsskrifteigar vil no undersøkje interessa for ei trykt parallellutgåve av Heimen blant medlemslag og andre abonnentar. Tidsskrifteigar har kalkylar som tilseier at ei trykt utgåve på abonnementsbasis vil bli heller rimeligare enn det abonnementet på den tidligare trykte utgåva kosta. Redaksjonen vil oppfordre alle til å svare på undersøkinga frå Landslaget.
 
Frå årsskiftet 2016/17 er redaksjonen blitt utvida med éin person, Hanna Mellemsether. Hanna er seniorrådgjever for forsking ved Museene i Sør-Trøndelag, er utdanna historikar og har mangeårig fartstid innafor museumssektoren. Med dette har redaksjonen fått styrka kontaktflata til det museumsfaglige miljøet.
 
Sjølv om temanummer ikkje var planlagt denne gongen, har artikkelstoffet med eitt unntak eit par fellesnemnarar: det tar for seg det nordlige Noreg, særlig Finnmark, og det rører for ein stor del ved samisk historie. Om dette er ein sum av tilfeldigheitar, passer det i alle høve godt med tanke på markeringa av det første samiske landsmøtet som vart halde 6.–9. februar 1917 i Trondheim.
 
Først blant artikkelforfattarane er Øyvind Ravna. Han tar for seg «Nye bidrag til eiendomshistorien i Finnmark». Eigedomshistoria i Finnmark avvik i betydelig grad frå det som er tilfelle for resten av landet idet den dominerande oppfatninga opp til i dag har vore at staten har vore eigar av Finnmark frå dei eldste tider. Trass i at betydelig forsking gjennom dei siste femti åra viser at bygdefolket i Finnmark har hatt veletablerte bruksrettar frå langt attende, heng det framleis att ei oppfatning om at privat eigedomsrett i Finnmark kom i stand gjennom ein kongelig resolusjon i 1775. Artikkelen undersøkjer eksistensen av privat eigedom uavhengig av lovgiving og peiker på at ny forsking og kjelder som ikkje tidligare har vore brukt, men som er relevant for eigedomshistoria i Finnmark, må nyttast i større grad i avklaring av eigedomsrettslige forhold i Finnmark.
 
Neste artikkelforfattar er Torstein Johnsrud. Han tar for seg «Finnmarkshandelen i en brytningstid 1789–1811: Kva kan toll-listene fortelje?» Johnsrud har kunne nytte det transkriberte materialet frå prosjektet Historiske toll- og skipsanløpslister (PHTS) til å undersøkje handelen som gjekk over Hammerfest og Vardø tollstader. Desse tollstadene vart oppretta i 1789 med føremål å liberalisere handelen i håp om at det ville gi økonomiske forbetringar i Finnmark, noko dei tidligare handelsmonopola ikkje hadde bidrege til. Tollstader vart etablert i dei nemnde byane for å overvake inn- og utførsel av varer. Johnsrud samanliknar handelen i dei to Finnmarksbyane og skildrar korleis den britiske blokaden av norske hamner verka inn etter 1807 og som gjorde at føring av toll-lister vart nedprioritert. Han konkluderer med at krig og blokade gjorde at det liberale handelsregimet ikkje vart prøvd under normale omstende. I kva grad det var ein suksess, er derfor vanskelig å vurdere.
 
Torbjørn Kalberg har sett på historieskrivinga om birkarlane – birkarane i modernisert form – i artikkelen om «Svenskehandelen som tok slutt». Frå å ha blitt oppfatta som valdelige skatteoppkrevjarar i sameland er dei i nyare tid heller blitt framstilt som lokale bønder som dreiv varebyte med samar til gjensidig nytte. Den tidligare negative omtalen hang saman med statsmaktas framvekst. Styresmaktene ønskte å sikre seg tilgang til den marknaden som birkarlane hadde bygd opp. Dei dreiv kampanje som sette birkarlane i eit dårlig lys, og dette nedfelte seg i bestillingsverk og andre skriftlige framstillingar. Det vart også framstilt slik at det var kongelige privilegium som gjorde handelen mellom birkarlar og samar mulig, men dette er også eit syn som ein har gått bort frå.
 
Artikkelen «Isaac Olsen – lærer og forkynner» tar utgangspunkt i den handskrivne kopiboka på nærare 1000 sider som forkynnaren og læraren Isaac Olsen (ca. 1680–1730) etterlet seg. Skjelmo og Willumsen argumenterer for at Olsen var ein viktig premissleverandør når det gjaldt opptakten til misjon blant samane i Finnmark. Forfattarane framhevar korleis Isaac Olsen som lærar tok i bruk den munnlige forteljartradisjonen som var så levande i dei områda kor han hadde sitt virke. Som forkynnar gjorde han ei absolutt kopling mellom det førkristne og samisk trolldom. Å få samane til å ta imot kristendommen innebar ifølgje Isaac Olsens tolking eit klart brot med ei religionsutøving som botnar i førkristen tankegang.
 
Ine Fintland har undersøkt arkivarrolla og arkivfaglig leiing på 1800-talet gjennom materiale etter Henrik Wergeland og Michael Birkeland. Dei profesjonelle utfordringane ein stod ovafor på den tida, er temmelig like dei ein har i dag, sjølv om media er ulike. Kjernespørsmåla gjeld kva ein skal ta vare på, korleis få oversikt over materialet, kor skal det oppbevarast og korleis formidle informasjon til brukarane. Arkivskildringane er viktige instrument for tilgjengeliggjering av arkiva, og vi treng å vite konteksten som desse skildringane er blitt til i. Fintland understrekar at utvikling av arkivpraksis er ei leiaroppgåve, men det er eit felt som er lite undersøkt.
 
I bolken med meldingar har vi denne gongen ein ny sjanger, nemlig vurdering av utstillingar. Ingeborg Hjorth har tatt for seg dei to kulturhistoriske utstillingane som er sett opp i høve Tråante 2017, hundreårsjubileet for samanes første landsmøte i Trondheim, den eine utstillinga ved Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og den andre ved NTNU Vitskapsmuseet. Temaet for utstillingane fell fint saman med det som er fellesnemnarar for artikkelstoffet i denne utgåva av Heimen.
Redaksjonen kan også by på ei vanlig bokmelding. Boka som er lagt under lupa, er The European Witch-Hunt, meldt av Liv Helene Willumsen.
God lesing!
Read 140 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på sosiale media, som f.eks. Facebook og Twitter

Besøk gjerne våre sider der.

Siste på Twitter

RT @mesolittisk: Interessant om våre forfedre http://t.co/UtkGnSsk
Mye snakk om OCA for tiden. Men hva driver de egentlig med? http://t.co/cOANmuFT
Follow Lokalhistorie on Twitter

Kontakt info

Institutt for historiske studier, NTNU
7491 TRONDHEIM
NORGE

73 59 63 95

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

9.00  til 15.00