• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Åse Eikemo Strømme var fødd 14. juni 1944. Ho døydde 19. februar 2018. Heimen sin hadde ho på Stanghelle i Vaksdal.
 
Åse var svært interessert i historie. Ho var kunnskapsrik og hadde ein fin og lun veremåte. Arbeidet sitt hadde ho dei seinare åra på Interkommunalt arkiv, Hordaland, Bergen, og ein kan seia at ho hadde hobbyen sin som arbeid.
 
Ho var særs engasjert i lokalhistorierørsla. Då Vaksdal historielag vart skipa i 1995 er Åse oppført som skrivar, og frå 1999 vart ho leiar for laget. Med eit lite avbrekk på byrjinga av 2000-talet, vart ho leiar att i 2006 noko ho held fram med til ho døydde. Livsminna ho skreiv frå oppveksten på Eikemo i Eksingedalen, er eit tidsbilete som synte det store omskiftet som me frå etterkrigsgenerasjonen opplevde.
 
Åse var leiar i Hordaland sogelag frå 1999 til 2002 og frå 2005 til 2006. Etterpå var ho skrivar i fylkeslaget, og dei siste åra var ho varamedlem til styret. I 1999 vart ho vald som styremedlem i Landslaget for lokalhistorie, noko ho fungerte som fram til 2007. Ho brydde seg om Landslaget, og var med på sitt siste landsmøte i 2015 i Bø i Telemark.
 
Røynslene hennar frå verva på alle nivå i sogelagsrørsla var til svært stor nytte for oss som samarbeidde med henne. Det var eit stort sakn for fylkesstyret då ho vart for sjuk til å kunna møta på styremøta det siste året. Åse var pliktoppfyllande, grundig og presis.
 
Saknet er her, men dei varme minna om Åse har me med oss.
 
Knut Farestveit
Leiar i Hordaland sogelag   
 
Tor Anders Bekken Martinsen
Generalsekretær i Landslaget for lokalhistorie
Read 243 times
Rate this item
(1 Vote)

Vi er også tilstede på sosiale media, som f.eks. Facebook og Twitter

Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt info

Bispegata 9B
7012 Trondheim

950 39 727

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

9.00  til 15.00