• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Frå redaksjonen

Denne Heimen-redaksjonen publiserer med dette sitt siste hefte. Fire arbeidsintensive og givande år er til ende. Vi starta som ein redaksjon på tre, men utvida til fire etter halvgått løp. Dermed vart det fleire å dele arbeidet på og enda breiare forankring i det historiefaglige miljøet.

For fire år sidan gjekk vi ut med ei programprogramerklæring om at Heimenskulle vere eit aktuelt tidsskrift. Vi ønskte å følgje opp fagdebattar og belyse dagsaktuelle tema. Formidling av nye forskingsresultat var viktig for oss, og vi ønskte å få fram arbeida til yngre forskarar. Vi var også opptatt av at folk med ikkje-akademisk bakgrunn skulle kunne publisere i Heimen viss arbeidet tilfredsstilte krava til ein vitskaplig artikkel. Når vi ser attende, synest vi at vi har fått realisert mykje av dei målsettingane vi hadde. 

Vi la eit vidt begrep for lokalhistorie til grunn og framheva det tverrfaglige med feltet. Erfaringa vår er da også at bidraga har komme frå folk med ulik faglig bakgrunn, der fellesnemnaren har vore interesse for stad, lokalsamfunn og region. 

Heimen har hatt god stofftilgang i heile perioden, og vi opplever at det potensielle forfattarkorpset har auka. Noko har vore bestilte bidrag i samband med temanummer planlagt av redaksjonen, andre bidrag har vore innsendt på eige initiativ. Eit par temanummer har også vore planlagt med utgangspunkt i initiativ frå fagmiljø.

Tidsskriftproduksjon er så absolutt eit kollektivt prosjekt. Redaksjon og redaksjonssekretær er kjernen, med støtte av tidsskriftkoordinator i forlaget og innsats av språkvaskar og settar. Likevel hadde ikkje eit tidsskrift late seg realisere utan forfattarar, fagfeller, bokmeldarar og debattantar. Vi takkar for alle faglige bidrag.

Gjennom denne redaksjonens funksjonstid har det skjedd store endringar på publiseringssida. At det ville komme krav om ope elektronisk publisering for tidsskrift som tok imot støtte frå Noregs forskingsråd, låg i korta da vi tok over for fire år sidan, men finansieringsordninga var på den tida enno ikkje på plass. Ei førebels ordning kom i stand for årgang 2017. Finansieringa vart så klar i løpet av 2017, og etter søknad vart publiseringsstøtte innvilga for Heimen for treårsperioden 2018-2020. Heimen var blant 25 hum-sam-tidsskrift som fekk støtte av i alt 41 som det var søkt for.

Redaksjonen vart godt nøgd med den opne, elektroniske publiseringa, men fekk signal om at mange ønskte å behalde papirutgåva. Vi fekk derfor gjennom tidsskrifteigar og forlag på plass ei trykt parallellutgåve ved abonnement som tidligare. 

Det siste trekvart året har det vore gjennomtrekk i stillinga som redaksjonssekretær. Siv Randi Kolstad slutta i Landslagets sekretariat etter å ha vore redaksjonssekretær for Heimen i ei årrekkje. Tone Østerli kom inn i stillinga, men gjekk over i jobb annan stad etter kort tid. Endelig kom Kaja Fremstad inn og fullførte arbeidet som sekretær for vår redaksjon. Vi takker dei alle tre, og rettar ein særlig takk til Siv Randi Kolstad som var den stødige handa i produksjonen av tidsskriftet gjennom mange år.

Vi vil også nytte høvet til å takke redaksjonsrådet som har vore gode støttespelarar for redaksjonen. Rådet har komme med nyttige evalueringar og innspel på tema, vinklingar og mulige forfattarar og bokmeldarar. Saman med våre eigne nettverk i redaksjonen synest vi at vi har dekt ein stor del av det lokal- og regionalhistoriske fagmiljøet over landet ved hjelp av redaksjonsrådet.

No gir vi frå årsskiftet 2018/19 stafettpinnen over til Oddmund Løkensgard Hoel og kollegaer i Sogndal med omland og ønsker dei lykke til i dette viktige faglige arbeidet. 

Til sist nokre ord om innhaldet i det heftet som ligg føre. Det er eit temanummer igjen, denne gongen om politisk kultur og ukultur. Initiativet er komme frå eit forfattarkollegium med Kai Østberg i spissen. Her var det så mange bidrag at dei måtte delast på to hefte. Dei fem første artiklane, inklusive Østbergs innleiing, blir publisert i dette heftet, og dei to siste kjem i hefte 1/2019. Den sedvanlige introduksjonen av artiklane er å finne i Østbergs innleiing. 

Tre bokmeldingar følgjer til slutt. Maria Antonie Sæther har tatt for seg Historikerens arbeidsmåter, redigert av Leidulf Melve og Teemu Ryymin. Åsa Elstad har meldt Soga om Sogn og Fjordane. Band III. Fjordfolket på nye vegar. 1875–1945 av Oddmund Løkensgard Hoel. Endelig har Lars Thue sett på boka Nasjonens velstand. Norges økonomiske historie 1800–1940 av Pål Thonstad Sandvik.

Takk for oss!
Av: Hanna Mellemsether, Merete Røskaft, Hilde Gunn Slottemo og Aud Mikkelsen Tretvik

Lenke til bladet: https://www.idunn.no/heimen/2018/04?fbclid=IwAR0wOpV2ulMOTHJ2LJxobRjOz37U5XfFOcV78dslfJpiDEW51vCUnRNmAyg

Read 17 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på sosiale media, som f.eks. Facebook og Twitter

Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt info

Bispegata 9B
7012 Trondheim

950 39 727

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

9.00  til 15.00