• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

 
Frå redaksjonen 
Ved årsskiftet var fireårsperioden til Heimen-redaksjonen i Trøndelag omme, og ein ny redaksjon med base i Sogndal har teke over frå og med dette nummeret. Redaktørane Aud Mikkelsen Tretvik, Hilde Gunn Slottemo, Merete Røskaft og Hanna Mellemsether, og ikkje minst redaksjonssekretærane Siv Randi Kolstad, Tone Østerli og Kaja Fremstad, skal ha stor takk både for det solide arbeidet dei har lagt ned gjennom fire år og for å ha lagt så godt til rette i overgangen. Den avtroppande redaksjonen fekk, til liks med forgjengarane, store spørsmål om framtida til Heimen i fanget. Redaksjonen og eigaren Landslaget for lokalhistorie har lukkast i å gje Heimen eit nytt liv som digitalt gratistidsskrift, i tråd både med norsk politikk på feltet og dei sterke internasjonale trendane i vitskapleg publisering. Slik sett er jobben gjort – overgangen er gjennomført og dei store spørsmåla kring utgjevinga avklara.

Me har likevel ingen illusjonar om at ein meir eller mindre stabil 90-årsperiode som papirtidsskrift no blir følgt av ein ny stabil 90-årsperiode som digitalt tidsskrift. Finansieringa er sikra fram til 2020 gjennom publiseringsordninga til Noregs forskingsråd, men heile publiseringssystemet er i spel både nasjonalt og internasjonalt. Her er Heimen berre ein liten dupp på eit opprørt hav, og det beste me kan gjere, er å stå på i lag med leiinga i Landslaget for å utnytte dei moglegheitene som til kvar tid ligg i publiseringsordningane og marknaden. Då er det ein fordel at Historisk tidsskrift/HIFO og Heimen/Landslaget har valt same strategi. Det aller viktigaste for å sikre Heimen ei gjev framtid, er likevel uavhengig av publiseringsplattformer, nemleg god tilgang på stoff, ein solid vitskapleg standard og ein profil som blir oppfatta som relevant. Lesarane kjem ikkje til å merke nokon stor overgang til ny redaksjon. Me ser ingen grunnar til større endringar i den redaksjonelle profilen, snarare tvert om. Heimen vil framleis ha ei blanding av innsende artiklar og temanummer. Nummer 3 vil til dømes bli eit temanummer om maritim historie. Me ser det som ei av våre viktige oppgåver å drive rekrutterings- og talentutviklingsarbeid i det historiefaglege miljøet, og me oppmodar særleg rettleiarar og etablerte historikarar om å dytte på dei yngre, gjerne studentar, og gjerne kvinner, for å få dei til å sende inn manuskript eller idear som dei sjølve kanskje ikkje ser at kan bli ein vitskapleg artikkel. Heimen skal framleis vere ein møteplass der etablerte historikarar i vitskaplege stillingar på universitet og høgskular publiserer jamsides ikkje berre yngre historikarar, men òg uavhengige historikarar (me kallar dei ikkje ‘amatørar’). Det blir skrive mykje god historie av folk med annan bakgrunn enn ei formell historiefagleg utdanning, og redaksjonen garanterer det sjølvsagde: Alle artiklar blir vurderte eine og åleine ut frå kvaliteten på det innsende arbeidet, uavhengig av bakgrunnen til forfattaren.

Me vil særleg nemne endå eit par forfattarkategoriar me gjerne ser meir til. I museums- og arkivsektorane sit ei rekkje dyktige fagfolk og arbeider med historiefaglege spørsmål som langt fleire burde få kjennskap til. Eit godt døme i dette nummeret er Hege-Beate Solås Lindemark, og i redaksjonen har to av fem medlemer arkiv- og museumstilknyting. Heilt avgjerande for framtida til Heimen er det at etablerte historikarar i fagstillingar ved universitet og høgskular held fram med å publisere hjå oss – dette vil framleis vere grunnstammen. Norsk historie, inkludert lokal- og regionhistorie, er fagfelt under press i UH-sektoren, og me oppmodar alle om å ta eit felles ansvar. Når det gjeld den redaksjonelle profilen, vil me vere varsame med å kome med prokla- masjonar ut over at Heimen skal spegle den lokal- og regionhistoriske forskingsfronten. I dette ligg nettopp at me skal vere lydhøyre for nye impulsar og interesser i fagmiljøa utan å seie altfor tydeleg kva me av litt tilfeldige grunnar meiner er interessant og viktig. Noko skal like fullt nemnast i varsame vendingar. Artiklar som introduserer eller gjer bruk av nye metodar og teoretiske innfallsvinklar som kan utvide registeret i den lokalhistoriske for- skinga, vil alltid vere særleg velkomne. Det er eit stort behov i feltet vårt for å sjå ut over landegrensene. Vidare vil me setje stor pris på studiar med komparativt tilsnitt, både lokal- historiske og ikkje minst regionhistoriske. Dei mange regionhistoriske verka som er komne dei siste åra, gjev eit heilt anna grunnlag enn før når det gjeld å kaste lys over regionale skil- nader i Noreg, og mellom norske og tilgrensande regionar. Og så er det mykje ugjort når det gjeld den lokale og regionale bruken av historie, jam- før artikkelen om Sarpsfossen i dette nummeret. Det er eit stort behov for å reflektere kring funksjonen til historie ikkje berre i nasjonshistoria, men også lokalt, og som engasjerte lokalhistorikarar har me også godt av å kaste eit sjølvkritisk blikk på vår eiga verksemd. Me vil som tidlegare redaksjonar også ynskje velkomen debattartiklar, og bokmeldingane vil halde fram som eit fast og viktig innslag i Heimen.
 
Me er svært glade for at Landslaget valde å spørje sogndalsmiljøet om å ta over stafettpinnen. Det er fyrste gong Heimen-redaksjonen ligg i Sogn og Fjordane. Dei som i fire år framover vil redigere Heimen, er Oddmund L. Hoel (professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet – Sogndal), Annette Langedal Holme (arkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjor- dane), Yngve Nilsen (førsteamanuensis i historie ved HVL-Sogndal), Mari Sofie Sandvik (formidlingsleiar ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum) og Gunnar Yttri (forskar og førsteamanuensis i historie ved HVL-Sogndal). Ei ny ordning frå i år er at redaksjonssekretærfunksjonen følgjer redaksjonen framfor å vere i sekretariatet til Landslaget i Trondheim. Ny redaksjonssekretær er historikar og førstekonsulent Tina Veronica Bjørk (HVL-Sogndal). I den fyrste artikkelen i dette nummeret tek Hege-Beate Solås Lindemark føre seg Sarpsfossen som identitetsberar. Sarpsborg feira tusenårsjubileum i 2016, og dette saman dei tre føregåande byjubilea på 1900-talet blir granska. Grunnleggjaren av byen, Olav Haraldsson, spela hovudrolla under 900-årsjubileet i 1916, men er seinare tona ned på kostnad av Sarpsfossen. I denne dreiinga ligg ei sterkare vekt på samspelet mellom fortid, samtid og framtid, på det moderne og på byen som geografisk rom.
 
Nye tidsskriftredaksjonar vil ofte kome til dekka bord på den måten at det ligg artiklar i redaksjonen som er komne meir eller mindre langt i den redaksjonelle prosessen. Dette redaksjonsbytet er ikkje noko unntak, og i vårt tilfelle er kontinuiteten ekstra sterk. Det siste nummeret til den førre redaksjonen (4/18) var eit temanummer om politisk (u)kultur i Noreg på 1800-talet. To av artiklane i dette nummeret høyrer til temaet og vart presenterte i introduksjonsartikkelen til Kai Østberg i førre nummer – artiklane til Ellen Schrumpf og Ole Georg Moseng. Schrumpf skriv om drikkeskikkar høgt og lågt i telemarkssamfunnet på 1800-talet. I dei indre bygdene dominerte tradisjonsbundne drikkeskikkar mellom bøndene. I dei høgare sosiale laga, særleg i byane, vart det òg drukke ein heil del, men i meir danna former. Schrumpf viser korleis edruskapspolitikken utover på 1800-talet særleg retta seg mot dei folkelege drikkeskikkane, som vart definerte som ein ukultur. Moseng har studert kampen om tuberkulosen mellom legar i Kristiania i andre halvdel av 1800-talet. Det er ikkje primært kampen mot sjukdomen han skriv om, men motstanden mot ei effektiv nedkjemping av tuberkulosen, altså dei kreftene som i medisinhistoria definitivt har hamna på taparsida. Jamvel den øvste helsemyndigheita i Kristiania, stadsfy- sikus, dreiv ein uforsonleg kamp mot dei som ville ha hardare tiltak i kampen mot sjuk- domen. Det var korkje semje om årsakene til sjukdomen eller tvangstiltak som i liberal tenking braut med den personlege fridomen. Såleis er det grunnlag for å hevde at «tuberkulose» ikkje fanst som omgrepsfesta sjukdom i Kristiania sist på 1800-talet, hevdar Moseng. Tre bokmeldingar avsluttar dette nummeret, og me lyt presisere at alle tre var tinga av den førre redaksjonen sidan to av dei gjeld Sogn og Fjordane: Tobandsverket Høyanger 100 år og band 2 i Soga om Sogn og Fjordane attåt kjeldeutgåva om Lofthusoppreisten.

God lesnad!
Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik og Gunnar Yttri
 
Read 1371 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.

Informasjon