Ambros Gulliksen Særsland var født i Hjartdal 26.oktober i 1875. Han var son av Gullik og Birgit Særsland. Foreldra kom frå Lisleherad til Nedre Særsland i 1865. Dei fekk sju søner, men to av dei døydde små. Ambros var nest yngst av brørne.
Gutane på «nære-Særsland» hadde utferdstrong og alle drog frå Hjartdal i ung alder. Det er likevel Ambros som drog lengst og som skapte seg eit liv som musikar og verdsmann. Vi skal sjå litt nærare på hjartdølen som jamvel blei afrikansk statsborgar.
Frå militærmusikar i Bergen til soldat i Boerkrigen
Som ganske ung drog han til Bergen. Der møtte han den eldre bror sin, Johannes Særsland, som var på Vestlandet i desse åra. Truleg fekk han hjelp av Johannes slik at han blei teken opp som elev ved Bergenske Brigade Musikkorps der han fekk musikkutdanning.
I 1896 reiste Ambros frå Noreg med kurs for England. Der verva han seg i dei britiske styrkane og drog med dei til Sør-Afrika som deltakar i Boerkrigen. Boerkrigen vara frå 1898 til 1902, og var ein strid mellom britane og boerane, nederlandsætta sørafrikanarar, om kven som skulle ha råderetten over dei store gull- og diamantførekomstane i Sør Afrika.
Han vart stasjonera i Natalprovinsen og i regimentet Natal Mounted Rifles. Den første tida var han ein del av militærmusikken som fylgde med dei væpna britiske styrkane. Men etter kvart vart det meir bruk for soldatar enn musikarar, og slik vart Ambros stridande soldat i kampen mot boerane.
Heim til Telemark – og portrettert i avisa
1901 var Ambros attende på norsk jord og da sto det å lese i Porsgrunds Tidende 25.januar 1901. Hjem fra Sydafrika. En Telemarking i «Natal mounted rifles». Med i 6 trefninger og innestengt i Ladysmith.
En høy, staut kar kom i går inn på vårt kontor. Det var A. G. Særsland av «Natal mounted rifles». Hr. Særsland, som er hjemmehørende i Hjartdal, har vært med i den sydafrikanske krigen siden den brøt ut, og tjent som menig i «Natal Volounteerregiment», hvor han var fire år i musikken. Da den imidlertid ikke ble brukt i denne avdelingen under krigen, byttet han instrumentet med Lee-Retfordgeværet. Han deltok i trefningene ved ?lands-laagte, Modderspruit eller Tintinioni (kaldt ”Fuglenes hjem” på grunn av sin høye beliggenhet, og hvor der var utmerkede stillinger) samt ved Lombardskop, Besters Farm, Besters Hill, hvor de siste slag ble holdt, før de ble omringet i Ladysmith.
Det som hjalp general White, var at han ved Lombardskop forstod å holde boerne tilbake fra jernbanelinjen, så de ikke fikk brutt opp denne. Engelskmennene greide da å få en del store våpen fra slagskipet ”Powerful” i Durban, inn i byen. De ble omringet sist i oktober, og Særsland deltok i mange trefninger. Han var også med i de viktigste kampene under beleiringen, nemlig den 6. januar i fjor. Da slo fienden sig gjennom utpostene og tok en del av britenes viktigste stillinger. Det var uttalte han, en riktig hard kamp. Den varte i hele 17 timer, fra kl.1 om natten. Boerne viste sig da meget tapre. Selv om de var blitt slått tilbake tre ganger, stormet de frem igjen, og det gikk så langt at en del fikk anledning til å bruke geværkolbene på hverandre. Beleiringen ble avsluttet 28. februar og levemåten hadde jo i det hele ikke vært særdeles storartede. Den første måneden hadde man det bra, men efter 6 ukers tid, ble rasjonene halvert og de siste 2 månedene ytterligere redusert til en kvart rasjon pr. mann.
Det fantest ikke oksekjøtt på slutten så vi spiste hestekjøtt, fortalte han.
For boerne som soldater hadde Særsland stor respekt. De gjorde svært lite av seg og var spesielt dyktige til å lage skyttergraver og finne sig sterke stillinger. Enkelte av skyttergravene, som han fikk anledning til å se, var forsynt med tak av jernbanesviller, sandsekker og jord. Slik var de ypperlige til beskyttelse mot sprengprosjektiler.
Etter at Ladysmiths var befridd var han med på å forfølge boerne til Majuba Hill. Natals frivillige blev da sendt tilbake til Dundee, ca. 20 mil fra grensen til Zululand.
Noe, som vi hørte den hjemvendte kriger hadde fått full forståelse av, var, at når skyteferdigheten står høyt hos hver enkelt mann, er det utrolig, hvilken motstand som kan ytes av et lite folk.
Truleg drog Ambros til Hjartdal den vinteren, og det var nok mange i bygda som fekk høyre underlege ting frå ei verd som var ukjent for dei fleste. I 1901 vart han tildela deltakarmedalje av britane for innsatsen i krigen, og den var det nok mange som måtte sjå for å tru det dei høyrde!
Til Amerika – akademikar og musikar
Men Ambros vart ikkje verande lenge i Hjartdal. Allereie året etter, 20. januar 1902, drog han frå Bergen, denne gongen med kurs for Amerika. I skipslistene er han oppført som ugift, musikar i engelsk krigsteneste og afrikansk borgar med bustad Durban, Natal.
5. februar kom han i land i New York og opplyser at han skal vidare til Seattle, Washington. Årsaka til at det var målet for reisa, er truleg å finne i byen Tacoma. Her vart Pacific Lutheran University etablera i 1890 av norsk-amerikanarar og andre skandinavar. Ambros både studera og underviste på dette universitetet, og i 1903 til 1905 er han oppført som musikklærar.
I Bergens Tidende 10.februar 1905 finn vi fleire opplysningar om Ambros og tilknytninga han har til dette universitetet. Avisa refererar til ei amerikansk avis, Pacific Herald, som 20.januar same år skriv:
… om aftenen den 14de, havde vi en storartet konsert i Akademiets Gymnastikklokale. Det første nummer på programmet blev utført av Akademiets Orkester under anførsel av professor Ambrose Særsland og det blev gjort på en meget tilfredsstillende måte. Da fiolinisten Ole Bull[1] var ferdig, trådte klarinetisten professor Ambrose Særsland og cellospilleren Walter frem på skuepladsen og spillede nogle duetter. De gjorde sine saker godt, men om Særsland må det føyes til, at han behandlede sitt instrument på en mesterlig maade.
Ambrose Særsland fra Hjartdal i Telemarken, var for flere år siden student ved Bergenske Brigades musikkorps.
For fem år ansatt som musiker i Militærmusikken i Sydafrika. Ankom til Seattle for 3 år siden og overtok pladsen som instruktør for musikkorpset og orkesteret ved Pacific Lutheran Academy, Parkland, Washington, U.S.A.
Kor lenge Ambros var i Tacoma veit vi ikkje. Men han hadde sitt eige orkester og drog rundt som musikar.
[1] Den kjende Ole Bull var død for lenge sidan, så det er usikkert kven dette var.
Rundt i verda
Familien heime i Noreg hadde kontakt med han gjennom mange år. Han sende brev og postkort frå ulike stader i USA, og andre stader i verden.
Til dømes kjem det i 1913 kort og helsingar som syner at han var mykje på reisefot. 14.mars 1913 sender han eit kort og fortel at han reiser frå Liverpool i England. Same år, 27.juli skriv han: «…jeg reiser alltid og har liten tid … Antagelig blir jeg i San Fransisco om 6 uker.»
Kortet er sendt frå Utah til Mrs. Anna Særsland, og 14.september samme året sender han kort frå Yellowstone National Park, Hot Spring.
I 1916 kjem det også helsingar, då er han på Hawaii. Det kjem også helsing frå Shanghai. Så vi skjønar at han var stadig på reisefot. Men kva som førte han så vidt omkring veit vi ikkje, men truleg er det musikken. Men om han framleis har eige orkester eller om han er knytt til militærmusikken i USA, slik han var i Sør Afrika, veit ein heller ikkje. Men det heng eit bilete på Elverhøy i Hjartdal, der eit portrett av Ambros er omkransa av bilete av faner og flagg. Kan det vere at han var tilsett i meir offentleg teneste som musikar?
Ambros forsvinn i det ukjende
Utover på 1930-talet kom det ikkje fleire helsingar frå Ambros og familien i Hjartdal mista kontakten med han. Bror hans, Johannes, prøva å leite han opp, mellom anna med denne etterlysinga i Nordisk Tidende 9.juli 1936:
Etterlysing
Ambros Gulliksen Særsland, ca. 66 år gammel, født i Hjartdal, Telemark, Norge av foreldre Bergit og Gullik Olsen Særsland. Var med i Boerkrigen på Englands side og reiste fra Afrika på grunn av dysentry. Reiste senere til USA og var en tid musikkinstruktør på slagskipet «City of Iowa». Da sist hørt fra, var han i Detroit, Mich. U.S.A. og skulle han ha eget musikkorps der. Søkes av slektninger.
Men familien høyrde ingenting og så kom verdskrigen og alle ting blei vanskelegare. Seinare forsøk på å finne ut av korleis det gjekk med Ambros, har heller ikkje lukkast.
[1] Den kjende Ole Bull var død for lenge sidan, så det er usikkert kven dette var.