Sel historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sel historielag er eit historielag i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Laget vart stifta 19. februar 1988 og «har til føremål å vekke interesse og skapa forståing for bygdehistoria i Sel. Det vil arbeide for å utbreie kjennskap til kulturarven vår og verne kulturminne av alle slag i bygda».

I 2019 hadde laget 51 medlemmer og 4 æresmedlemmer. Medlemstalet er synkande.

Leiarar

  • 1987: Arne Jørgen Rønningen (interimsstyre)
  • 1988-1990: Ola Tamburstuen
  • 1991-1992: Arne Jørgen Rønningen
  • 1993-1995: Odd Bakke
  • 1996-2009: Ola Tamburstuen
  • 2010: Arne Halvorsen
  • 2011-2014: Kjell Voldheim
  • 2015-2017 Bjørn Engehagen (fungerande)
  • 2018-: Sjur Lonbakken

Andre sentrale personar

  • Per Erling Bakke: har lagt ned eit stort arbeid med Otta sin historie og lagt dette tilgjengeleg på nett. Stor bidragsyter til historielaget sine bøker.
  • Steinar Grønn, bildeinnsamling.
  • Palmar Ruste, bildeinnsamling og systematisering av desse.
  • Geir Neverdal, for arbeid med Kringenhistorie.
  • Rolf Ulvolden, for arbeid og historie rundt Paul Botten-Hansen.

Aktivitetar

Hovudaktiviteten er å gje ut lokalhistoriske bøker. Av andre aktivitetar kan nemnast:

  • Kringenjubileet 2012.
  • Byvandringer.
  • Restaurering av Marcellohytta på Thokampen.
  • Jernbanejubileer i 1996 og 2012.
  • Foto: laget skannar, systematiserer og tek vare på bilete (mellom anna Otta Foto sine negativ).

Publikasjonar

  • Bakke, Kåre og Bjarne Fredriksen: Setrer og seterliv i Sel. Utg. Sel historielag. 2007. 368, 32 s. ISBN 978-82-994014-4-9.
  • Bakke, Odd: Otta gjennom 100 år : 1896-1996. Utg. Sel historielag. 1996. 272 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Gåmålt og nytt frå Sel. Utg. Sel historielag, 1999-2010.

Kjelder og litteratur

  • Opplysninger frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer