• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Frå redaksjonen
 
Av Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik og Gunnar Yttri
 
Det tredje Heimen-nummer i 2020-årgangen opnar med ein artikkel av Maren Kværness Halberg (Anno museum). Ho har granska forliksprotokollar og pantebøker for å kartleggje den økonomiske situasjonen for bøndene i Nord-Østerdale n i tiåra kring 1800. Bøndene i området vart tidleg knytte til pengeøkonomien kring bergverka, og i dårlege tider auka gjelda. Dette skapte i neste omgang eit behov for utskifting av sameigeskogane, som var viktige for pengeinntekta. Slike nærstudium av område der pengeøkonomien tidleg fekk innpass, er viktige tilskot til forståinga av bondeøkonomien ved utgangen av einevaldstida.
 
Dei tre neste artiklane har ein tematisk konsentrasjon om bruk av dataverktøy i historisk gransking. Ola Alsvik og Marthe Glad Munch-Møller (Norsk lokalhistorisk institutt) har som historiografisk siktemål å undersøkje korleis kvinnehistorie er handsama i by- og bygdeboklitteraturen frå 1970 til 2015. Det gjer dei ikkje med tradisjonell historiografisk nærlesing, men ved datamaskinell gransking av eit stort tal bøker frå perioden, noko som no er mogleg etter den omfattande digitaliseringa til Nasjonalbiblioteket. Slik viser artikkelen også veg for dataanalysar av tekstkorpus i historiografisk forsking – det dei kallar fjernlesing i kontrast til nærlesing. Me vonar artikkelen kan bane veg for fleire historiografiske analysar av denne typen, og på same metodekritiske grunnlag som Alsvik og Munch-Møller legg til grunn.
 
Historisk befolkningsregister (HBR) er eit storprosjekt Heimen har hatt artiklar om før. HBR skal bli eit register over heile den norske folkesetnaden frå 1801 til Det sentrale folkeregisteret i 1964. Grunnlaget er persondata i det raskt veksande Digitalarkivet, som er velkjent og velbrukt av mange Heimen-lesarar. To artiklar i dette nummeret gjer opp status for ulike sider av HBR og gjer greie for arbeidet. Lars Holden og Svetlana Boudko (Norsk Regnesentral) og Gunnar Thorvaldsen (UiT – Norges arktiske universitet) tek føre seg korleis lenking av personførekomstar og kopling av familiemedlemer føregår i arbeidet med HBR. Som artikkelen får fram, utgjer den manuelle lenkinga og koplinga ein forsvinnande liten del, så dette må i all hovudsak baserast på mest mogleg presise algoritmar som gjer jobben maskinelt. Ei viss innsikt i kva som skjer under panseret på HBR, ikkje minst usikkerheita, er nyttig for alle som brukar og bidreg til oppbygginga av registeret.
Bruken av Historisk befolkningsregister er temaet i den andre artikkelen der Thorvaldsen og Holden har med seg Hilde L. Sommerseth (UiT). Artikkelen gjer greie for korleis nettstaden histreg.no, det mest synlege og brukarretta uttrykket for HBR, er bygt opp og kan brukast. Dei viser også bruk gjennom andre grensesnitt og går vidare inn på både det internasjonale samarbeidet som HBR er ein del av, og korleis det meir konkret kan utnyttast i historisk forsking. Me vonar fleire blir inspirerte til å oppsøkje histreg.no og kanskje også bli med på den store lenkje- og kopledugnaden der. Ikkje berre den snart frigjevne folketeljinga frå 1920, men også store mengder digitaliserte kyrkjebokdata som er på veg inn, gjer at befolkningsregisteret er i stor vekst og kan utnyttast til stadig fleire føremål.
 
Audun Dybdahl står bak det fyrste debattinnlegget som denne redaksjonen har fått inn. Han har lese Folke Forfang sin artikkel i nummer 4/2019 om eigarforhold i trøndersk sagbruksnæring på 1600-talet og går imot fleire av påstandane i artikkelen. Redaksjonen helsar debattinnlegg velkomne og trur at norsk historieforsking, ikkje minst den lokal- og regionalhistoriske, kunne ha godt av noko meir liv og røre.
Fire bokmeldingar er komne inn til dette nummeret. Dei to fyrste er bøker i «Kort introduksjon»-serien til Cappelen Damm. Sverre Bagge si bok om Snorre Sturlason er meld av Jon Gunnar Jørgensen. Pål Berg Svenungsen har skrive om krosstoga i same bokserie – meldar er Steffen Hope. Heimen melder ikkje berre bøker av universitets- og høgskulehistorikarar på akademiske forlag. Egil Simensen har meldt Kølbrenning, kølkjøring og bosetting fra Narjordet mot Drevsjøav Asbjørn Ryen, utgjeve av Røros Museums- og historielag, eit godt døme på ei lokal bok som fortener å bli løfta fram, og dessutan ei bok som knyter tråden attende til Halberg sin artikkel frå same område fyrst i dette nummeret. Til slutt blir Jekta. Eventyrets farkost (Museumsforlaget) av Bjørn Tore Pedersen meld av Anne Kristin Moe, og då får me lyst til å minne om temanummeret om maritim historie og særleg artikkelen om jektefartmuseet i Bodø i nummer 3/2019.
 
God lesnad!

Heimen 3/20 kan lesast her: https://www.idunn.no/heimen/2020/03

 

 

Read 1237 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.

Informasjon