Print this page
Heimen 4/2021

Heimen 4/2021

jan 05 2022
Frå redaksjonen
 
Pål Berg SvenungsenYngve NilsenMari Sofie SandvikSusann Holmberg, og Therese Nesset
 
Den fjerde utgåva av Heimen i 2021 har vore utfordrande å få i stand. Midt i arbeidet vart vår gode redaktør, Oddmund Hoel, utpeika som statssekretær i Kunnskapsdepartementet og forsvann ut av redaksjonen. Han etterlet seg eit stort hol og det fall ei stor bør på resten av redaksjonen for å lose arbeidet med utgåva trygt i hamn. Vi vil difor gjerne takka alle bidragsytarane i dette nummeret for tolmod og forståing undervegs. 
 
Leidulf Melve opnar tidsskriftet med artikkelen Historiesyn, lesing og opplysning. Her utforskar han korleis norske embetsmenn nærma seg historie på 1700-talet. Utgangspunktet er den store statleg organiserte undersøkinga i 1743, kor embetsmenn landet rundt forsøkte svare på mellom anna spørsmål om kva slags antikvitetar det fantes i landet. Dette tek oss med inn i ein diskusjon om forståinga og eksistensen av antikvitetar i Noreg, historisk-topografisk litteratur og det overnaturlege. 
 
Folke Forfang held oss i den tidleg moderne periode i sin undersøking av sagbruksproduksjon i Noreg 1610–63. Han argumenterer for at talet på sager ikkje nødvendigvis spegla den overordna produksjonen i eit område, men syner at Trondheim len produserte meir sagbord enn resten av landet i perioden. 
 
Me held oss i Trondheims-området, men flyttar oss fram i tid til slutten av 1800-talet i Håkon Hermanstrand sin artikkel om Martin Sivertsen og Marie Kjelsberg Finskog. Han utforskar deira liv og engasjement i å framheva samisk kultur og historie. Artikkelen nyttar mikrohistorie for å kaste ljos på det samiske samfunnet på slutten av 1800-talet. 
 
Var det ei kopling mellom vassforsyning og barnedødelegheit i Tromsø kring 1920? Gunnar Thorvaldsen drøftar dette spørsmålet i sin artikkel. Her får vi følgje utviklinga av ny vassforsyning i Tromsø på byrjinga av 1900-talet og helsetilstanden i byen. 
 
Det er fire bokmeldingar med til slutt i nummeret. Eivind Urkedal York melder Kjell-Olav Masdalens Bondesmafunn og bondeopposisjonpå Agder i overgangen mellom seinmellomalder og tidleg nytid ca 1480–1615. Bind 2 av Arendal by – og regionshistorie, I sjøfartens tid, av Håkon Haugland meldast av Per Norseng. Gunnar Hatlehold tek føre seg Martin Enstad si bok Folkets lengsel efter en ny og betre fremtid. Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945. Til slutt melder Aud Mikkelsen Tretvik antologien, Sted, fiksjon og historie. Hvordan former litteratur steder – og hvordan former steder litteratur? (redigert av Marianne Wiig og Ola Alsvik). 
 
Vil du skrive for Heimen? Alle artikkelutkast blir mottekne med takk. Meld også gjerne frå om du vil melde bøker for oss, eller om du har framlegg om bøker som bør meldast.
 
God lesnad!
 
Utgåven finn du her: https://www.idunn.no/toc/heimen/58/4
 
 
Read 756 times
Rate this item
(0 votes)
Oda Svisdal