• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Heimen 2/2019

19 jun 2019 Written by
Published in Blog

Frå redaksjonen

Det andre Heimen-nummeret i 2019 har ei stor breidde, slik Heimen både har hatt og bør ha. Tematisk spenner nummeret frå jarnvinner og bondeopprør til skulepolitikk og region- reform, periodisk frå mellomalder til 2019, og geografisk frå Telemark til Nordland.

Telemarksopprøret i 1540 er tema for artikkelen til Martin Veier-Olsen (NTNU). Vinte- ren 1540 vart 50–80 tyske bergmenn i Gullnes-gruva i Seljord jaga vekk av bøndene, og opprøret utvikla seg til breiare valdelege konfrontasjonar mellom bønder og soldatar i Vest-Telemark. Gullnes bergverk hadde tidlegare vore bispegods, og etter reformasjonen var dei tyske bergmennene ein del av kongemakta sine freistnader på å auke produksjonen i sølvgruvene. I tolkinga si av telemarksopprøret framhevar Veier-Olsen dei kulturelle fak- torane meir enn det som har vore vanleg. Han argumenterer for at opprøret var eit kultur- møte mellom norske bønder, tyske bergmenn og danske lensherrar, og han hevdar at ei hovudforklaring på opprøret var at Kristian 3. både mangla røynsler med og interesse for norske tilhøve. Slik går artikkelen inn i ordskiftet om korleis opprør og kontakt mellom all- muge og øvrigheit i tida før og etter reformasjonen skal forståast. Veier-Olsen er ein ung historikar som har skrive artikkelen med utgangspunkt i masteroppgåva si og såleis har gjort det me oppmodar mange fleire om å gjere!

Eit teknologiskifte i mellomalderen er utgangspunktet for artikkelen til kulturhistorika- ren Solfrid Myhre (Randsfjordmuseet). Den velkjende jarnframstillinga frå myrmalm som er kjend i Noreg sidan førromersk jarnalder, gjekk tilbake og forsvann nærast heilt i fyrste halvdel av 1300-talet. Jarnframstilling frå bergmalm er derimot ikkje skriftleg dokumen- tert før i 1540. Fire nyleg undersøkte lokalitetar for jarnframstilling frå bergmalm i Lunner på Hadeland er daterte til 1300- og 1400-talet og fyller såleis ut tomrommet. Myhre har undersøkt kven som kan ha stått bak dette viktige teknologiskiftet i jarnframstillinga, og rolla til fire aktørar blir vurdert: Kongen, kyrkja, cistercienserane og lokale storbønder. Artiklar med denne typen tverrfaglege tilnærmingar vonar me å sjå fleire av.

Rolf Harald Stensland (Nord Universitet) tek oss med nordover i landet og framover i tid, til Nordland amt i andre halvdel av 1800-talet. Landsskulelova av 1860 skjerpa krava til fastskular og lærarutdanning, og reforma vart følgd av auka statleg finansiering. Her spela amtskommunen ei nøkkelrolle gjennom å forvalte og supplere statstilskota til kommu- nane, og Stensland har granska korleis amtsskulekassa i Nordland vart brukt, både når det galdt å erstatte omgangsskulane med fastskular, og når det galdt tilskot til lærarløn. Skilna- dene mellom dei seks prostia i amtet står sentralt i granskinga, og denne typen systematiske regionale jamføringar tek Heimen gjerne imot fleire av.

Regionreforma har hatt ein viktig plass i norsk politikk dei siste åra og trer i kraft frå 2020. Herdis Hølleland og Joar Skrede (NIKU) har granska ein del av regionreforma som ikkje har vore lengst framme i den offentlege debatten, nemleg omorganiseringa av kultur- minneforvaltninga. Eit uttala mål med reforma har vore å demokratisere kulturminnefor- valtninga, og forfattarane har granska høyringssvara som kom inn i framkant av reforma. Det blir lagt særleg vekt på kva demokratiomgrep og demokratiforståing som prega svara frå kulturinstitusjonane. Granskinga knyter seg til det internasjonale forskingsfeltet kultur- arvstudiar og får fram korleis den norske forståinga av demokratisering på feltet skil seg frå ei vanleg internasjonal forståing. Artiklar som grip inn i relevante dagsaktuelle politiske tema på denne måten er noko me ynskjer meir av i Heimen.

God lesnad!

Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik og Gunnar Yttri

Heimen kan leses på https://www.idunn.no/heimen/2019/02

Savner du informasjon?

18 jun 2019 Written by
Published in Blog

Landslaget for lokalhistorie har fått tilbakemeldinger på at informasjon vi har sendt ut på epost ikke har kommet frem til alle mottakere. Det viser seg at noen epostklienter sorterer eposter fra oss direkte til søppelpost, og vi ber deg derfor sjekke søppelboksen til din epost innimellom.

Vi minner også om at endringer i lagets kontaktinformasjon kan formidles til Landslaget for lokalhistorie via rapporteringsskjema her på våre hjemmesider, under Medlem - Rapporteringsskjema.

Landsmøte 2019

29 mai 2019 Written by
Published in Blog
 
Alta
 

Det 42. ordninære landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie ble holdt 24.-26. Mai 2019. Vi i sekretariatet ønsker å takke alle deltagere på landsmøtet for fine dager i Alta! Landsmøtereferatet vil etter hvert bli lagt ut på våre nettsider, dette kommer det særskilt informasjon om. Tusen takk til landsmøtekomiteen i Alta for flott mottagelse og spennende opplevelser. Utflukt til Kautokeino, omvisning på Alta museum med joik og helleristningene i Hjemmeluft, orgelkonsert i Nordlyskatedralen og festmiddag med revyinnslag. Takk til alle for tre fine dager. 

61936273 2396226793775979 5986395811678781440 n

Juhls sølvsmie i Kautokeino

61831638 638390530008792 1613639292079308800 n

Helleristningene i Hjemmeluft

61217347 2209558832455666 8786506418980126720 n

Lunsj i Kautokeino

61641169 1333410003484982 1868774630227968000 n

Alta museum

61353374 2330790297197236 5811733510523715584 n

Joik ved Marit Hætta Øverli

61291643 391378684921882 8964574500351901696 n

Alta museum

61545559 362722550914626 4651945976708202496 n

Nordlyskatedralen 

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.

Informasjon