• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Ny utgåve av Heimen

26 mar 2021 Written by
Published in Blog

Frå redaksjonen

av Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik & Pål Berg Svenungsen

2021-årgangen tek til med eit temanummer som spring ut av prosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn ca. 1660–1870 som kom i gang ved Høgskulen i Volda i 2008. Tilhøvet mellom allmuge og øvrigheit i norske bygder frå eineveldet til 1800-talet er eit tema som i lang tid har stått sentralt i forsking og skriving om norsk lokalhistorie, sosial- og kulturhistorie og politisk historie. Det er difor ei stor glede for redaksjonen å kunne presentere fem artiklar frå sentrale prosjektdeltakarar som tvillaust vil vere nyttig og naudsynt lesnad for alle som framover vil gå inn i problemstillingar om tilhøvet mellom embetsmenn og bønder i norske lokalsamfunn.

Prosjektleiar Atle Døssland, professor emeritus ved Høgskulen i Volda, er gjesteredaktør for dette nummeret. Han presenterer dei fem vitskaplege artiklane i innleiinga si, så ei nærare omtale og plassering av artiklane og forfattarane finn ein der. I den fyrste artikkelen i nummeret, «I kvar si verd?», oppsummerer Døssland den lange rekkja av undersøkingar frå prosjektet og analyserer funna opp mot prosjektets eigne hypotesar og, ikkje minst, mot dei hittil dominerande synsmåtane på forholdet mellom dei to samfunnsgruppene. Kombinasjonen av oversynsartikkelen til Døssland og dei fire tematiske og geografiske punktgranskingane til Jens Johan Hyvik, Mette Vårdal, Harald Johannes Krøvel og Birger Løvlie, vil såleis til saman gje eit breitt bilete av ein fornya forskingsstatus på feltet. Vonleg vil mange finne inspirasjon til vidare granskingsarbeid med ein eller fleire av artiklane som føredøme.

Redaksjonen ønskte å gje plass til alle artiklane som høyrde heime i temanummeret, med den følgja at det gjekk noko ut over omfangsgrensa. Dermed vart det ikkje rom for bokmeldingar. Men fleire meldingar er alt leverte, og endå fleire er under arbeid, så me kan love eit rikeleg tilfang av bokmeldingar i dei neste nummera.

God lesnad!

Les heimen her: https://www.idunn.no/heimen/2021/01?fbclid=IwAR0kcRQYUHKj2n8V64MOz6Bd8iNS6rOuj8QR5QDKm8I5xh1vtZ8SSwI3YnA 

 

Påskestengt

26 mar 2021 Written by
Published in Blog

Sekretariatet holder stengt fra 26.mars 2021 til og med 5.april 2021.

Vi ønsker alle sammen en god påske!

Velkommen til Riksantikvartimen 25. mars: Klima og kulturmiljø – risikovurdering og tilpasningstiltak 

Belastningene fra klima øker, og vi må gjøre mer for å beholde kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren har vært med på å utarbeide en veileder om risikovurdering og planlegging av tiltak som kan redusere klimarelatert risiko for kulturmiljø. Veilederen er testa ut på flere kulturminner og -miljøer rundt i Skandinavia, Skottland og Irland. Nå foreligger veilederen på norsk. I dette foredraget går fagdirektør hos Riksantikvaren, Marte Boro, gjennom veilederen, viser med eksempler hvordan veilederen kan brukes og hvor en finner kunnskap og støtte underveis i slikt arbeid.

Riksantikvartimen sendes i Teams Live Event. Du trenger ikke melde deg på, eller installere noe. Bruk denne lenken for å gå inn i webinaret 25. mars kl. 09:00:  Bli med i direktesendt arrangement

Del gjerne invitasjonen, alle er velkommen til Riksantikvartimen!

Spørsmål kan rettes til Line Bårdseng Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Lise Evjen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Foto: Storm på Selja. Foto: Inger-Marie Aicher Olsrud

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.