• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

En ruvende skikkelse innen norsk lokalhistorisk arbeid har gått bort. Halvard Bjørkvik gikk ut av tiden 17. juni 2021, 96 år gammel.
 
Bjørkvik ble født på Finnøy 9. oktober 1924. Han vokste opp med to brødre, men det var Halvard som skulle bli lokalhistorikeren. Han ble uteksaminert fra Voss landsgymnas fredsvåren 1945 og ble cand.philol. i 1951 med historie hovedfag. Samme år ble han tilknyttet Institutt for sammenlignende kulturforskning, hvor han arbeidet som forskningsassistent og konsulent frem til juni 1961. Her var det særlig forskning på jordeiendom han arbeidet med, et fagområde han var interessert i gjennom hele livet. I tillegg må det nevnes at han fra tid til annen var hjelpekonsulent ved Norsk lokalhistorisk institutt i årene etter at det ble opprettet i 1956. Også senere hadde han et stort engasjement for instituttet, der han skulle sitte hele 21 år i styret.
 
Familien flyttet til Trondheim i 1961, der Halvard Bjørkvik ble dosent i historie ved Norges Lærerhøgskole (senere Universitet i Trondheim, nå NTNU). Dosenturet innebar et spesielt ansvar for lokalhistorisk forskning. Han satt i stillingen til 1975, da han ble direktør for Norsk folkemuseum, en stilling han hadde frem til 1989. Fra 1984 var han professor II i historie ved Universitetet i Oslo. Han avsluttet yrkeskarrieren som ordinær professor i historie 1990-92 og seniorforsker 1992-94.
 
Allerede i 1952, som 28-åring, ble han medredaktør i det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen. Året etter, i 1953, ble han gift med medredaktøren, hans kjære Randi. De delte ikke bare privatlivet, men hun ble også en livslang følgesvenn i det faglige arbeidet. Redaktørdeltagelsen i Heimen strakk seg over to perioder, først sammen med Randi i årene 1952-54 og som eneredaktør 1973-75.
 
Halvard Bjørkviks engasjement i Landslaget for lokalhistorie foregikk ikke bare gjennom tidsskriftet Heimen – han var styremedlem i Landslaget 1964-70, nestleder 1967-70 og styreleder 1970-79. Han var også formann i Norske kunst- og kulturhistoriske museer 1977-82 og styreformann for Norsk utvandrermuseum 1988-93. Hans engasjement for lokalhistorien fortsatte i årene som pensjonist, ikke bare med artikler i fagtunge tidsskrifter, men også som skribent, foredragsholder og møtedeltager i Vestre Moland og Lillesand historielag.
 
Av studenter og andre som hadde en faglig tilknytning til Halvard Bjørkvik ble han beskrevet som en sindig og behersket mann – skrev en student noe som var helt galt, ble det formidlet på en høvisk måte. Bjørkvik var diplomat – mild og rolig i fremtreden, men tydelig som fagmann. Han vil også bli minnet for sine omfattende kunnskaper og ikke minst for sitt store kontaktnett. Gjennom årene har han publisert en anselig mengde faglige arbeider, men også utallige foredrag gjorde Halvard Bjørkvik til en fremtredende historiker.
 
Som de siste ord, og med en fredlysing over Halvard Bjørkviks minne, «mange takk».
 
Oddmund Løkensgard Hoel
Redaktør, Heimen
 
Dag Hundstad
Seksjonsleder, Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket
 
Tor Anders Bekken Martinsen
Generalsekretær, Landslaget for lokalhistorie

Til ungdommen

29 jun 2021 Written by
Published in Blog
Vi er veldig glade for å kunne formidle at vi i går fikk tildelt en ny, stor breddegave fra Sparebankstiftelsen DNB. Landslaget for lokalhistorie har fått 3,6 millioner kroner i støtte til videreføring av det gode arbeidet med Lokalhistorie i skolesekken. Det er et solid vitnesbyrd på det flotte prosjektet vårt, og at flere enn oss ser verdien av å skape møteplasser for kunnskapsdeling med landets barn og unge. 
 
Videreføringen av prosjektet heter «Til ungdommen». Denne gangen skal midlene gå til ungdom fra ungdomsskolealder og opp, og der vi tidligere satset i bredden skal vi nå gå mer i dybden. Mer informasjon om søknadskriteriene vil komme i løpet av høsten. 
 
Vi ser frem til å ta fatt på arbeidet, og til å fortsette det tverrfaglige samarbeidet med Kulturvernforbundet, Museumsforbundet, Kulturtanken, Riksantikvaren og ikke minst Sparebankstiftelsen. 
 
Takk for støtten og tilliten!

 

 

Ny utgåve av Heimen

24 jun 2021 Written by
Published in Blog
Frå redaksjonen 
Heimen 2/21 er klart, og etter to nummer med tematisk konsentrasjon, er det no klart for eit nummer med svært variert innhald. Det spenner frå metallsøkjarar og trolldom til tuberkulose og velforeiningar. 
Anne-Sofie Schjøtner Skaar går inn i den store trolldomsprosessen i Rendalen 1670– 1674, som kom på ei tid då trolldomssakene var på veg ut av rettssystemet. Ho dreg fram fleire interessante trekk for å forstå desse prosessane og ikkje minst avviklinga av dei: rolla til born – kanskje så unge som ni år – som nøkkelvitne, den sterke usemja mellom ulike juristar som var involverte, og ikkje minst korleis trolldomsførestillingar kryssa landegrensene. Skaar tek føre seg korleis Blåkulla-førestillingane som var sentrale i svenske trolldoms- prosessar, kunne gjenoppstå i Rendalen. Tre kvinner vart dømde til døden, og me avslører sjølvsagt ikkje her korleis det gjekk med dei. 
Er du av dei stadig fleire som gjerne dreg på skattejakt med metallsøkjar? Og har du då lurt på korleis det stiller seg med kulturminnevernet ikring ein slik aktivitet? Det er ikkje berre du som lurer på det. Caroline Fredriksen viser i artikkelen sin kor ulike oppfatningar som finst i kulturminneforvaltninga og fagmiljøa om korleis pløyelagsfunn skal handsamast av ei forvaltning i endring. Ho har granska høyringsuttalene frå arbeidet med retningslinjer for privat bruk av metallsøkjar, og eit kjernespørsmål er kor rimeleg det er at mange pløyelagsfunn på eit område skal få representere eit automatisk freda kulturminne. Fredriksen sjølv har ei klar meining om den saka – les artikkelen! Artikkelen er endå meir aktuell etter nyhendet tidleg i mai om at Riksantikvaren har utbetalt heile 200 000 kr i finnarlønn, etter at eit av dei største gullfunna her til lands vart gjort med metalldetektor i 2016. Det er dette funnet som prydar framsida på nummeret. 
Aktualitet er også eit stikkord når det gjeld artikkelen til Marco Kovačević og Hilde L. Sommerseth. Ein av dei få positive effektane av koronaen er at dei som i årevis har sysla med historisk forsking på smittsame sjukdomar, no har fått ny og velfortent merksemd. Kovačević og Sommerseth har granska tuberkulosedødsfalla i Tromsø by frå 1878 til 1920, ein periode med folkeauke og tettare busetnad. Dei analyserer ulike faktorar som kan for- klare alders- og kjønnsskilnader og skilnader mellom Tromsø og resten av Troms. Artikkelen er også metodisk interessant ved å vise moglegheitene ein no har fått når det gjeld å utnytte digitaliserte og strukturerte data frå kyrkjebøkene i større kvantitative analysar, i dette tilfellet av helsetilhøve. Me vil i den samanhengen minne om dei to artiklane om His- torisk befolkningsregister i Heimen 3/20. 
Velforeiningar finst det i dag visstnok 8000 av i Noreg, og dei dekkjer i regelen eit svært avgrensa geografisk område. Knut Grove tek oss i sin artikkel attover til skipinga av den fyrste velforeininga i 1872, og han har granska korleis dette fenomenet utvikla seg fram til andre verdskrigen. I denne perioden spela vella ei viktig rolle då landkommunane kring dei største byane vart omdanna til forstadskommunar med nyetablerte villastrok. Som spørsmålet i tittelen peikar mot – Bedrestilte forstadsbuer frå hovudstaden? – nyanserer Grove også synet på velforeiningane som eit eintydig middelklassefenomen. 
Etter plassproblem og bokmeldingstørke i det førre omfangsrike temanummeret (1/21), har me igjen gleda av å by på fire bokmeldingar, også dei svært varierte. To av dei gjeld bøker frå det kjønnshistoriske feltet. Hanne Østhus melder Fantastiska verb – ein antologi frå kjønn og arbeid-prosjektet i Uppsala, redigert av Jonas Lindstrøm. Klassikaren Med kjønnsperspektiv på norsk historie kom i ny og mykje revidert utgåve i fjor, og ho er meld av Line Førre Grønstad. Båe meldingane har, i tillegg til bokpresentasjonar, også synspunkt som går rett inn i ordskiftet om korleis fagfelta kan vidareutviklast. 
Det planlagde fembandsverket Fyllingsdalen før i tiden er no kome til det tredje bandet, Liv og arbeid gjennom historien, redigert av Stein Ugelvik Larsen og meld av Svein Lorentzen. Den rosande omtala av boka blir avslutta med ei drøfting av eit dilemma som svært mange utgjevarar av denne typen lokalhistoriske bøker har kome borti: Korleis skal ein løyse spørsmålet om tematisk versus kronologisk disponering av verket? 
Sist, men ikkje minst, har Dag Skjold meldt BKKs historie 1920–2020, ei oppdragshistorie som Knut Grove, Yngve Nilsen og Svein Ivar Angell står bak. Det har kome fleire større energihistoriske verk dei siste åra, og Heimen har også jamleg hatt artiklar frå feltet som både BKK-boka og Skjold med si melding er med på å bringe vidare. 
I april var det tid for det årlege møtet i redaksjonsrådet for Heimen, og det kan vere på sin plass å referere eit par moment frå oppsummeringa av fjorårsårgangen: Mannsdominansen var i 2020 avløyst av at 14 av 26 forfattarar bak dei vitskaplege artiklane var kvinner, og forfattarane er gjennomgåande unge. Det er svært gledeleg å sjå at fagfelta våre rekrutterer! Me vonar denne trenden held seg utover i 2021 og vil samstundes presisere at veteranane sjølvsagt også, som før, er hjarteleg velkomne som forfattarar og bokmeldarar i Heimen
God lesnad! 
Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik og Pål Berg Svenungsen 
 
Heimen 2/2021 kan lesast her: https://www.idunn.no/heimen/2021/02
 

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.