Liv og lagnadar til seks generasjonar i eit lite hus i Kinsarvik
Marit Sofie Breivik.Året er 1865. Midt i Kinsarvik ligg eit lite hus. Det har nok sikkert lege der endå lenger også, men det me veit er at i 1865 budde det ein mann der ved namn Eirik Larsson Råe. Difor vart huset kalla «Eirikstova».
24. mai 2024
01 Breivik. Blinde-Guttorm Jordal
Tekst: «Eirikstova» i Kinsarvik. Foto: Marit S. Breivik
Det heile starta eigentleg i Odda, nærare bestemt på Jordal. Der budde Haakon Jonson Jordal, og Elen Annfinnsdotter Uppheim. Dei fekk etter kvart fem born; to jenter og tre gutar. Den eldste dottera døydde diverre ung.

I syskenflokken som var att hende det ein tragedie i 1870. Den eine guten deira, Guttorm, som då var åtte år, leika med pil og boge saman med nokre kameratar. Brått sprang Guttorm inn i ei skytje og kika ut gjennom eit kvisthol i døra. Der kom det ei pil rett inn i kvistholet, og råka han i det eine auga. Der sette det seg ein fæl verk, og utan noko vegsamband tok det tid før dei kom seg til lækjar. Verken gjekk over i det andre auga også, og det enda med at den vesle guten vart heilt blind.

Etter kvart som barneflokken vaks til, drog brørne til Guttorm til USA. Systera Gjøa gifta seg med Torbjørn Larsson Sandvik frå Kinsarvik og flytta dit.

Guttorm fekk etter kvart plass på Blindeinstituttet i Oslo, der han vart verande i fleire år. Han hadde allereie i ung alder synt stor interesse for song og musikk. Han byrja etter kvart å studera orgelspel hos C.E. Forsberg. Han studerte også snikkararbeid, for han synte ei veldig god fingerferdigheit både når det kom til speling og snikring. I ein alder av 20 år utdanna han seg til organist, og fire år seinare, i 1887, vart han tilsett som organist i Odda, 24 år gamal.

Guttorm Jordal, «Blinde-Guttorm». Foto: Ukjend fotograf, i privat eige.

Året er 1891. Syster til Guttorm hadde som sagt gifta seg, og budde i Kinsarvik. Det vesle huset Eirikstova var ein husmannsplass under Sandviksgardane. Då Eirik Råe flytta ut, sa Torbjørn Sandvik at no kunne Guttorm og foreldra få koma og bu der. Slik gjekk det til at Guttorm og foreldra flytta frå Odda, og busette seg i Eirikstova. No var heile familien samla i Kinsarvik.

Det var ikkje orgel i Kinsarvik kyrkje den gong, og ei stund spelte Guttorm både i Odda, Ullensvang og Utne kyrkje. Til Utne nytta han sjølvsagt båt, til Odda også den gong, men til Ullensvang gjekk han fram og attende i allslags ver (to mil til saman!) I Kinsarvik leia han også eit kor, dei heldt til på den gamle skulen på Ystanes.

Bernt Theodor Anker (1867–1943) som var både prest, prost, lærar, ihuga målmann og forfattar, var dei siste åra prost i Hardanger og Voss prosti. I ei bok om tida si i Hardanger, skreiv han dette om «Blinde-Guttorm», som han vart kalla[1]:

Ein kinsarviking som er verdt å minnast, er den blinde organisten Guttorm Jordal.

Det var eit syn å sjå han leita seg fram dei lange vegane frå Kinsarvik til Ullensvangs-kyrkja og til Utne-kyrkja. Det gjekk både snøgt og trygt. Han åtte ikkje lite av ein sjette sans. Finger-næm var han i fleire handverk. Og musikken hadde han pålitande rett i hovudet og i hendene. Han lærde seg snart nye musikk-stykke og nye tonar. Då me i songkor på Utne og i Ullensvang song Wagners «Pilegrims-kor» i «Tannhäuser», greidde Guttorm Jordal lettvint å spela attåt.

I godt humør og strålande hjartelag møtte han alltid. Det er ikkje lett å gløyma når han kom til prestegarden og helsa oss alle, plent som han kunde sjå kvar ein av oss, han tok aldri i miss.

Og når han var med og slo ring um ei kista og song ved gravferdi, serleg når det var etter sysken i goodtemplar-losjen, ja då var Guttorm Jordal som sjeli i flokken.

Siste helsingi hans lydde so: «Helsa alle som vil noko godt». Den helsingi var som hans hjarte-sukk. Eg bar henne fram i Kinsarvik-kyrkja ved gravferdi hans.

Godtemplarlosjen Våronn, ungdomslosjen. Foto: Ukjend fotograf, i privat eige.

I alle lag og samkomer som ungdomslaget arrangerte, var Blinde-Guttorm eit kjent og kjært innslag. Då spelte han til dans! Mange vil nok gjerne dra på smilebandet over at ein organist spelte til dans, men det gjorde han faktisk. Han kompa på orgel til Svein Lutro, som spelte fele. Desse to spelte elles mykje saman. I tillegg til dette, snikra han også møblar og fletta korger. Det var i samkomer i ungdomslaget at han vart kjend med Marta Sandvik, som han gifta seg med i 1894. Ho hadde slik ei vakker songstemme, vart det sagt. Dei fekk til saman fem born, men to jenter døydde som små. Det var diverre mange små born som døydde tidleg på den tida.

Det kan neimen ikkje alltid ha vore like lett å vera Marta. I tillegg til dei to døtrene som døydde små, var også eldste sonen, Haakon, svært sjuk som liten, og heldt på å stryka med. Og då i tillegg ha ein blind ektemann, så må det ha vore tøffe tak til tider. Marta dreiv ein del og fletta klokkekjede. Det laga dei av menneskehår. Ofte drog jentene ut litt av håret sitt og laga klokkekjede til kjærastane sine. Utover på 1900-talet vart det slutt på dette, då det byrja verta vanleg med armbandsur. Marta stiva også kragar til Godtemplar-ungdomane, og skaut til hardangerbunad.

Haakon gjekk i faren sine fotefar og byrja å studera orgelspel. Han gjekk fyrst på Musikkonservatoriet i Bergen (for øvrig oppretta i 1905. I 1980 var det statleg høgskule, og i 1995 slått saman med Universitetet i Bergen under namnet Griegakademiet). Deretter var han i Berlin hos professor Walter Fisher.

I ein alder av berre 23 år vart han tilsett som organist i Odda, der han også dirigerte eit mannskor. I ei gammal reiseveske eg fann i løa til Eirikstova, ligg det fleire komposisjonar etter han. Også mange dagbøker og kjærleiksbrev. Dei er handskrivne på platt-tysk, og difor vanskelege å tyda. Han var nemleg gift med Alvine Shütze frå Hamburg. Han har også omsett mange tyske folkeviser til norsk. Som ein kuriositet kan eg nemna at han hadde spesialelevar, og ein av dei var ingen ringare enn Harald Sæverud!

Haakon Jordal. Foto: Ukjend fotograf, i privat eige.

Tekst: Bryllaup på Nyland i Odda i 1921.
Tekst: Bryllaup på Nyland i Odda i 1921.

Diverre døydde Haakon så alt for ung av spondylitt, berre 36 år gammal. På slutten var han ein del på Hagavik, som då var eit tuberkulosesanatorium. Der skreiv han nokre sarte, fine dikt. Eg er utruleg audmjuk og stolt av alt denne farbroren min, som eg aldri har møtt, fekk utretta i det korte livet sitt.

Den andre sonen, Rasmus, vart buande i huset saman med mor si. Dei gamle foreldra til Guttorm var for lengst døde, og Blinde-Guttorm døydde i 1926. Systera, Maria, hadde gifta seg med Oskar Skau og flytta til Odda. Ho var forresten ein svært god diktar, og hadde opp gjennom åra ei rekkje dikt på trykk i aviser og tidsskrift, mange med ein liten snert – satiriske kan ein vel kalla dei.

Rasmus viste seg å vera litt av ein tusenkunstnar. Han var utruleg fingernem, han laga møblar, hardingfeler, gitarar og nydelege tresnitt, og var i tillegg ein veldig god portrett-teiknar. Eg, Marit Sofie, dotter hans, har mange finurlege greier han har laga. Til og med heklenålene mine i bein, er hans verk! Han var også svært musikalsk, og lærte notar og bokstavar omtrent samstundes. Han fungerte som organist i Kinsarvik kyrkje i 21 år, utan noko organistutdanning. Han reparerte også trekkspel, orgel og klokker for folk. Som heilt ung hadde han gått i smedlære, men det var tømrar han arbeidde som, pluss at han dreiv eit lite småbruk med sauer. Det gjorde han til på 1960-tallet. Mor hans, Marta, døydde i 1944, og to år seinare, i godt vaksen alder (48 år), gifta han seg med Aagot Østnæs (41 år) frå Fet på Romerike. 2,5 år etterpå vart altså eg, Marit Sofie, fødd. Eg vart då fjerde generasjon som budde i det vesle huset.

No er det ikkje mykje att av gamla Vikje. Eit koseleg, lite tun måtte vika då Heradshuset vart bygd i 1966. Rett etter det måtte eit anna hus vika då hotellet skulle byggja på den fyrste fløyen. Så vart det vesle huset mitt, som er eit av dei eldste husa i Kinsarvik, ståande att åleine, medan kommunen grov rundt oss på alle kantar. Etter at far min Rasmus døydde i 1973, og mor mi Aagot i 2001, er det eg som står som eigar av huset. Det vart då definert som fritidsbustad.

Då mine born var små og mor framleis budde i huset, var det stor stas å få koma på vitjing til snille besta i det gamle, spanande huset. No er dei fire borna mine for lengst vaksne og har eigne born. Desse små barneføtene som no spring og leikar i og rundt huset er altså sjette generasjon til Eirikstova.

No ser det ut til at også Eirikstova står i vegen for utbygging, då det er planar om å riva huset for å byggja leilegheiter der i staden. Dersom dette vert realisert vil meir enn 160 år med historie verta jamna med jorda, og Kinsarvik sentrum vil mista eit av sine eldste hus av sitt slag. 

01 Breivik. Blinde-Guttorm Jordal
Eirikstova, 2019. Foto: Gudtorm Breivik

Kan hende du også liker…