Sveinung Giske, Haram Kulturhistoriske Lag
Ingvil Eilertsen Grimstad Viti/Sunnmøre Historielag
Lokalhistorisk arbeid er viktig arbeid, men det krev at fleire bidreg. Det er difor viktig å motivere og utvikle til skriving.
Haram Kulturhistoriske Lag (HKL) vart starta 12. november 1972, og har til denne tid produsert 73 skriv med lokalhistorisk tilknyting. Styret i HKL innsåg at dersom klubben skulle koma vidare, måtte vi auke både kompetanse, og evne til å dekkja heile laget sitt geografiske nedslagsområde. Å dokumentere vår nære og ikkje fullt så nære fortid, er ein jobb som krev rett kompetanse. HKL tok difor kontakt med Viti (Musea på Sunnmøre) og Sunnmøre historielag, der vi vart teken vel i mot.
Saman beslutta vi å gå i samarbeid om å arrangere eit skrivekurs ved Ingebrigt Davik-huset i Brattvågen. Fagdirektør i Viti og leiar i Sunnmøre historielag Ingvil Eilertsen Grimstad og konservator i Viti, Cecilie Rørstad, fekk med seg Sebastian Kvamsdal Kaasa frå Memoar i Bergen, Åsta Vadset frå Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKAMR) og Anne Tømmervåg frå Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal. Dei valgte retning og innhald for kurset, og dei traff godt.
Kurset søkte å dekke fylgjande tema
Korleis finne den gode forteljinga?
Korleis stiller vi spørsmål?
Kontekst. Kva var dei historiske årsakene til at dette skjedde?
Klart språk og fengjande forteljing.
Disposisjon, munnlege kjelder og intervjuteknikkar.
Forfattarinstruks, fotnotar og litteraturlister
Bilete, bruk av eigne foto, fotobaser og opphavsrett.
God kjeldebruk, opphavsrett. Kvar finn vi kjeldene?
Interessa var stor, og kurset samla totalt 30 deltakarar. Tilbakemeldingane vi fekk etter kurset, var udelt positive. Etter oppmoding frå ein del av våre kursdeltakarar, vil vi satse på eit enkelt oppfølgingsmøte i nær framtid.