Sylvstaupet som kom attende til Opedal etter 178 år
Gerd Opedal, Hardanger historielag Artikkelen vart fyst publisert i Hardanger historielag si årbok 2023. I 2020 fekk Harald Alvavoll i Opedal ei spennande melding frå lokalhistorikar Oddmund Hus i Kinsarvik. Ei kvinne i den vesle tettstaden Osage, Iowa i USA ved namn Mildred Sponheim ville gje han eit sylvstaup.
14. jul 2024
00 Opedal Staup-s
Sylvstaupet artikkelen tek utgangspunkt i, gravert med namna Knud Haldorsen Opedahl og Kari Amundsdatter Bu og datoen 30. november 1822. Privat foto

Gerd Opedal, Trondheim, 1. juli 2024

I 2020 fekk Harald Alvavoll i Opedal ei spennande melding frå lokalhistorikar Oddmund Hus[1] i Kinsarvik. Ei kvinne frå den vesle tettstaden Osage i Iowa i USA ved namn Mildred Sponheim ville gje han eit spesielt sylvstaup. Dette sylvstaupet hadde tilhøyrt Knut Halldorsson Opedal, og kona hans, Kari Åmundsdotter Bu. Mildred og mannen hennar, Norman Sponheim, var blitt samde om, før han døydde i 2017, at dei ville gje staupet til den noverande eigaren av den garden som Knut Halldorsson, også kjend som Espe-Knut,  i si tid sat på. Espe-Knut levde frå 1783 til 1863.

Norsk-amerikanaren Norman Sponheim var tippoldebarn til Espe-Knut og var fjerde generasjon etter han. Noverande eigar av garden til Espe-Knut er Harald Alvavoll. Han er sjette generasjon etter Knut. På grunn av vanskar med postgangen under koronaepidemien var det ikkje så enkelt å senda staupet til Noreg. Derfor reiste Harald Alvavoll og eldste syskenbarnet hans, Tommy Angeltveit, i januar 2022 på besøk til slekta i Iowa og der fekk Harald sylvstaupet som gåve frå Mildred Sponheim. Så no er det kome attende til Alvavoll i Opedal, den garden som Espe-Knut sat på i Opedal.


[1] Oddmund Hus, f. 1928, lokal- og kunsthistorikar, tidlegare rektor ved Kinsarvik ungdomsskule. Har skrive mykje for Hardanger historielag. Harald Alvavoll var elev ved Kinsarvik ungdomsskule då Oddmund var rektor.

Espe-Knut og staupet

Staupet er av sylv, og det er 19 cm høgt og har ein diameter øvst på 11 cm. Det er rikt dekorert, og det har forgylte felt og lauv av same typen som me finn på søljer. Det er innkjøpt i Bergen og truleg også tilverka der. Det er gravert med namna Knud Haldorsen Opedahl og Kari Amundsdatter Bu og datoen  30. november[2] 1822. Me har ikkje greidd å knyta denne datoen til nokon merkedag i familien, men me ser at Kari og Knut er i lag om dette kjøpet sidan namna til begge ektefellene er med.  Knut kjøpte kanskje staupet i Bergen for å markera slutten på ein vellukka handelssesong. I tillegg til å driva gard, handla han med landbruksvarer som han kjøpte opp i bygdene i Hardanger og førte til Bergen. Han vart etter kvart svært velståande. Han var klok og framsynt, og hadde godt ord på seg som ærleg og påliteleg handelsmann. Han var kjend i heile Hardanger, og han vart lagt merke til.

Både Olaf Olafsen og Halldor O. Opedal har skrive om han. I denne samanhengen er det spesielt interessant å fortelja om ei hending i 1856.  Då gjesta Visekonge Karl[3] Ullensvang.  Olafsen skriv slik om Knut Opedal: «…høi, rank og bredskuldret, med det hvide Haar hængende ned over Skulderen, Vesten med Sølvknapperne, de sølvspendte Sko, Knæbukserne osv var han en Personlighed som maatte fængsle og interessere enhver, som havde blikket aabent.» Og det hadde tydelegvis Visekongen, for Olafsen skriv vidare: … «da Kong Karl den 15de som Norges Visekonge i 1856 besøgte Ullensvang, og han var steget i Land ved Bryggen, fik han Øie paa den høie, staute Mand i den eiendommelige Dragt[4] oppe i blandt Mængden. Da sprang Kongen op og lige bort til Knut og tog ham under Armen og spadserede med ham ned i Prestegaarden hvor han deltog i Kongemiddagen. Men det er ogsaa lagt til, at Knut kom ikke til at sidde ved Kongebordet; han maatte med de fleste andre sidde i et andet Værelse, og herover skal den gamle ha følt sig fornærmet; thi han var ærekjær og holdt paa sin Verdighet.”[5] 


[2] 30. november er Andreasmesse. Andreas var ein viktig apostel. På denne dagen skulle ein fiska julefisken.

[3] Karl vart konge i 1859 med tittelen Karl den 15de.

[4] Knut var den siste som brukte den gamle mannsbunaden frå Hardanger. Bunaden hans finst i dag på Hardanger museum på Utne.

[5] O.Olafsen: En historisk-topografisk-statistisk Beskrivelse af Ullensvangs Herred. Bergen 1907. side 355.

Under middagen reiste visekongen seg og kom for å skåla med Knut. Det var då den replikken fall som er blitt hugsa i all tid etterpå. «Presten eigu ølet, men kanno eigu eg![6]» Knut hadde lånt ut det staupet som kongen drakk av, til presten. Det er truleg dette staupet Harald Alvavoll no har fått i gåve frå Sponheimfamilien i Iowa, USA.

Knut Halldorsson døydde 21. desember 1863. Han var då åtti år gamal. Han var ein velhalden mann som hadde både pengar og verdifullt lausøyre. Han hadde i si tid fått hand om heile fire gardar, to ved giftarmål og to ved kjøp.  Med i lausøyret hans var det sylvstaupet som denne teksten handlar om, og det kom altså til Amerika.

Knut Halldorsson døydde 21. desember 1863. Han var då åtti år gamal. Han var ein velhalden mann som hadde både pengar og verdifullt lausøyre. Han hadde i si tid fått hand om heile fire gardar, to ved giftarmål og to ved kjøp.  Med i lausøyret hans var det sylvstaupet som denne teksten handlar om, og det kom altså til Amerika.   

Planlegging

Knut og Kari fekk åtte born, og seks av dei levde opp. Sigrid var fødd i 1815, Åmund i 1818 og Halldor i 1821. Halldor døydde ti år gamal. Han datt utfor Skådna[7] og slo seg i hel i 1831.  Gurid var fødd i 1824 og døydde av tyfus 13 år gamal. Johannes kom i 1827, Synneve  i 1830, ein ny Halldor i 1833  og Kari i 1836. Det er tre år mellom kvar barnefødsel. Det tyder på at Kari har amma borna til dei var to år gamle.  

Tre søner levde opp. Dei overtok kvar sin gard. Den nest yngste dottera, Synneve overtok også ein gard. Då ho var 62 år gamal, utvandra ho til Amerika saman med ektefelle nr to og den yngste sonen. Med i reisekista var sylvstaupet som her er omtala.

Eldste dottera til Knut og Kari, Sigrid, gifte seg i 1840 med Lars Jørgenson Helleland, og vart buande på Helleland. Den yngste dottera, Kari, gifte seg i 1863,  med Lars Samsonson Opedal. Dei utvandra til Amerika i 1868 saman med dei to borna sine, Knut f. 1864 og Ragna f. 1867.

Måten Knut fordelte gardane sine på, vitnar om nøye planlegging. Garden i Opedal fekk han med den første kona, Sigrid Pedersdotter. Det var i 1811. Ho døydde i barsel året etter. Så gifte han seg oppatt i 1814 med Kari Åmundsdotter Bu som også var gardjente. Eldste sonen vart fødd i 1818 og fekk namnet Åmund etter morfaren på Ytre Bu. Åmund[8] overtok denne garden i 1842, og dette var nok planlagt frå han vart kalla Åmund i dåpen. Så kom det ein gut som fekk namnet Halldor etter farfaren. Han var nok påtenkt til å overta garden i Opedal, men så døydde han, 10 år gamal. Deretter kjøpte Knut ein gard på Eidnes som sonen Johannes fekk. Her ser me og nøye planlegging. Knut skøytte garden på Eidnes til barnebarnet Knut Johannesson, og ikkje til sonen Johannes. Dette vart truleg gjort fordi Johannes, som farsslekta på Espe, dreiv med hestehandel og tok dermed økonomisk risiko.

Knut kjøpte og ein gard på Sponheim i Ulvik. Den overtok Synneve og mannen hennar, Olav Magnusson. Dei gifte seg i 1850 og fekk skøyte i 1855. Knut fekk ordna med skøyte på garden på Eidnes og den i Opedal i mai 1863. Garden i Opedal var det den yngste sonen som overtok. Han heitte Halldor, etter farfaren og etter den eldre broren som omkom. Og så døydde Knut 21. desember i 1863. Deretter kom det eit arveoppgjer som dei seks dålevande borna stod for. Det var truleg i 1864, og det var nok eit privat skifte. Me har ingen dokumentasjon på det. I arveoppgjeret må Synneve  ha fått sylvstaupet som denne teksten handlar om. Deretter har det gått i arv i slekta til Synneve Knutsdotter, og det har følgt den nye amerikanske slektsgarden.


[7] Om bryllaupet til Åmund sjå Annfrid Berget Haukeland: Myllarguten Livet, legenden, medspillerne (Dreyers forlag 2022) side 88.


[8] Aamund K. Bu: Ættarbok for Udlesvang, side 248.


Synneve flytte frå Opedal til Ulvik og vidare til Iowa

Synneve Knutsdotter var fødd 17. mai 1830 i det gamle Opedalstunet. Knut har i huspostillen sin skrive inn namna på alle borna sine. Om Synneve står dette: «1830 den 17. Maji blev min Datter Synneve født og Døbt den 23de Maji.» Ho var, som tidlegare nemnt, det sjette av åtte born. Legg merke til at Knut skriv dansk, som var skriftspråket i Noreg då han levde.

Synneve gifte seg fyrste gong 20 år gamal den 3. desember 1850 med Olav Magnusson Opedal. Han var frå Nilsabruket i Opedal. Synneve og Olav flytte til bruk nr. 1 på Sponheim i Ulvik. Garden hadde vore i slekta sidan farbror til Synneve, Lars Halldorson Espe hadde kjøpt bruket på auksjon i 1810. Han dreiv handel og kom i gjeld til den yngre bror sin, Knut. Av den grunn tok Knut Halldorsson over garden i 1839, og son hans, Johannes, som var ein eldre bror til Synneve, fekk skøyte i 1849. Me veit ikkje om han budde der. Det me veit, er at Synneve og Magnus flytte til Sponheim då dei gifte seg, og i 1855 fekk dei skøyte på garden[9]. Bruk nr. 1 på Sponheim ser ut til å ha vore ein god og lettbrukt gard som gav nok utkome til den etter kvart store familien som budde der.

Synneve og Olav fekk fem born, Knut (1851), Kari (1853), tvillingane Halldor og Magnus (1857), Ingebjørg (1860). Så døydde Olav i 1862, og Synneve overtok bruket då det vart halde skifte etter Olav i 1863. I 1864 gifte ho seg med Anders Helgeson Sponheim som var frå  bruk nummer fem på Sponheim. Synneve og Anders fekk fire born: Ola (1864), Helge (1867), Endre (1870), Åmund Amos (1874).

Heile familien til Synneve emigrerte til Amerika

Den eldste sonen Knut reiste til USA i 1874 og var der i to og eit halvt år. Så kom han heim att og var nokre månader før han reiste på nytt i 1877. Då for Kari og den eine tvillingbroren, Halldor, saman med han. I 1882 reiste Magnus, og i 1884 reiste Ingebjørg, Ola og Helge. Endre reiste i 1889, og i 1892[10] emigrerte også Synneve og Anders og saman med dei den yngste sonen Åmund.

Før dei reiste til Amerika hadde det vore jordskifte og flytting på Sponheim. Det vart økonomisk krevjande, og når åtte av ni born alt var reiste til Amerika, vart det slik at Synneve og Anders selde garden og reiste dei og, saman med den yngste sonen.

Dei busette seg i Mitchell County, Iowa der fleire av borna og andre slektningar og kjenningar budde. Så 18 år etter at den eldste sonen Knut reiste heimanfrå, og sju andre born hadde forlate Ulvik og Noreg, fekk Synneve sjå dei att. Det hadde nok gått brev mellom Iowa og Hardanger, men avstanden var stor. Det må ha vore ei stor glede for Synneve og Anders å koma til USA og sjå at det hadde gått bra med borna deira. Fleire hadde kjøpt gard, alle hadde eit levebrød. Mange var gifte og hadde fått born. Fleire av ektefellene til borna  var unge menn og kvinner som Synneve og Anders kjende eller visste om frå Noreg. Og då Synneve og Anders kom, fekk barneborna bli kjende med besteforeldra sine.

Magnus kjøpte jord og bygde hus på Green Lawn Farm

Magnus Olavsson var det tredje barnet til Synneve og Olav Magnusson. Då Synneve og Anders kom til USA, budde dei fyrst saman med sonen Magnus på garden hans. Magnus hadde kome til New York City i 1882 på båten «State of Pennsylvania». Han var fødd i 1857 og var då 25 år gamal. Han var gardsarbeidar i fem år. I 1887 gifte han seg med Guro Bergo. Guro var fødd i 1860 på garden Midtbergo i Ulvik. Dei to kjende heilt sikkert til kvarandre frå Ulvik. Han var tre år eldre enn henne. Dei har nok gått i skulen saman. Ho reiste til USA i 1884. Dei tre første åra Magnus og Guro var gifte, budde dei på ein gard nær St. Ansgar i Mitchell County, men i 1890 kjøpte dei sin eigen gard i Cedar Township. Garden var på 80 acres. I 1896 kjøpte dei ein naboeigedom i vest som også var på 80 acres. Då hadde dei til saman 160 acres som tilsvarar 647 mål. Eigedommen fekk namnet Green Lawn Farm.

Då Synneve og Anders kom til Iowa i 1892, hadde Magnus og Guro to born som var fire og eitt år gamle. Seinare fekk dei tre born til. Sonen Ingvald var fødd i 1897. Magnus og Guro dreiv garden til 1923. Då tok Ingvald over. Magnus og Guro flytte då til byen Osage og budde der i sju år. Då Guro døydde i 1930, flytte Magnus attende til garden i Cedar Township og budde der saman med sonen Ingvald og svigerdottera Alice til han døydde i 1936.

Foto: privat. Bilete gitt tilgang til frå Lori Mark

Green Lawn Farm er i dag ein Century Farm

Magnus og Guro fekk, som tidlegare nemnt, sonen Ingvald i 1897. Han gifte seg i 1922 med Alice Klemesrud. Ingvald og Alice dreiv Green Lawn Farm til 1950. Ingvald og Alice fekk to born, Margaret, f. 1923, og Norman, f.1926. Frå 1930 budde også Magnus Sponheim saman med dei. Norman gifte seg i 1949 med Mildred Johnson. Norman og Mildred overtok garden i 1950, og Ingvald heldt fram med å arbeida på garden til 1977. Han døydde i 1987. Det var Norman og Mildred som bestemte seg for å senda sylvstaupet attende til Noreg.

Norman og Mildred fekk fekk borna Joyce, Ann, Don, Dean og Mary. Sonen Dean tok over garden. I 1980 gifte han seg med Lucinda Ann Gast. Dei har borna Joshua Dean, f. 1981 og Erin Colleen f. 1984. I dag driv Dean og sonen Joshua garden i lag. Garden vart utnemnd til Century Farm i 1990. Ein Century Farm må ha vore i familien si eige i 100 år, og ein del av arealet må ha tilhøyrt den opprinnelege garden.

Bilet viser frå venstre Dean, kona Cindy og mor Mildred Sponheim,

Harald Alvavoll med biletet av Espe-Knut, og Tommy Angeltveit.

Nye driftsmåtar

Dean Sponheim er fjerde generasjons gardbrukar, og han dyrkar no jorda ved annleis enn dei gjorde før. Dean omtalar seg sjølv som “accidental conservationist”[12] eller tilfeldig naturvernar. Han prøvde ut nye driftsmåtar, og det viste seg både å lønna seg økonomisk, og det var miljøvennleg. Han fekk større avlingar, tente betre og det viste seg også at dyrkingsmetoden førte til betre kvalitet både på overflatevatn og grunnvatn. Han fekk i 2020 utmerkinga The Iowa Soybean Association’s (ISA) Environmental Leader Award. Utmerkinga fekk han fordi han driv garden sin på naturvennleg måte og spreier kunnskap om nye, miljøvennlege driftsmåtar.


[12]  På nettet: An Alternative Approach to Strip-Till Yields Substantial Benefits (striptillfarmer.com)

Oppsummering

Mange av borna til Synneve Knutsdotter slo seg ned som gardbrukarar i Iowa. Ein son gjorde det godt som handelsmann. Dei to døtrene gifte seg med unge menn som familien kjende godt til. Kari gifte seg med Samson Ellingsson frå Opedal. Ingebjørg gifte seg med søskenbarnet sitt, Lars Johannesson Eidnes. Alle bygde seg heimar i det nye landet og vart amerikanske statsborgarar. Staupet vart verande på den garden Magnus Olavson slo seg ned på. I dag vert garden, som er liten etter amerikansk målestokk,  driven av fjerde og femte generasjon, og dei driv naturvennleg og framtidsretta.  Familien har også teke vare på arven frå Hardanger, og dei har fortalt historia om Espe-Knut, eller Big Knut, som dei kalla han, til slektsledda som kom etter.

Norman og Mildred Sponheim har reist til Noreg og til Hardanger fleire gonger. Ved eitt høve hadde dei med seg eit sett sølvknappar som hadde tilhøyrt Espe-Knut, og desse knappane gav dei til museet på Bu. Ved eit seinare besøk ba dei om å få sjå desse knappane, men dåverande museumsstyrar greidde ikkje å finna dei. Dette var nok medverkande årsak til at dei syntest Oddmund Hus sitt forslag om å senda staupet attende til Alvavoll var godt. Dei tykte det var rettast at det kom attende dit det kom frå, men til nokon som kunne verdsetja det på ein annan måte enn det eit museum kan. Musea har altfor mange ting å ta vare på.

På Alvavoll har sylvstaupet no fått heidersplassen saman med huspostillen der Espe-Knut skreiv inn datoane for giftarmål og barnefødslar, og der sonen Halldor Knutsson, bror til Synneve, skreiv: «Min Fader Døde den 21 Desember 1863 om Aftenen Klokken Åtte og en Halv…» Femti år seinare, i 1913, døydde Synneve i Iowa. Ho er gravlagd på den lutherske kyrkjegarden sør for St. Ansgar. Etterslektene hennar heiter Sponheim, Eidnes og Ellingsen.

Noter

[1] Oddmund Hus, f. 1928, lokal- og kunsthistorikar, tidlegare rektor ved Kinsarvik ungdomsskule. Har skrive mykje for Hardanger historielag. Harald Alvavoll var elev ved Kinsarvik ungdomsskule då Oddmund var rektor

[2] 30. november er Andreasmesse. Andreas var ein viktig apostel. På denne dagen skulle ein fiska julefisken.

[3] Karl vart konge i 1859 Karl 4 var konge i Norge og Sverige frå 1859-1872.

[4] Knut var den siste som brukte den gamle mannsbunaden frå Hardanger. Bunaden hans finst i dag på Hardanger museum på Utne.

[5] O.Olafsen: En historisk-topografisk-statistisk Beskrivelse af Ullensvangs Herred. Bergen 1907. side 355.

[6] Sitat frå Halldor O. Opedal, her henta frå ein artikkel om garden Opedal, trykt i Festskrift til HOO utgitt av Hardanger Historielag i 1965, side 66. Kanne hadde tidlegare også tydinga staup eller drikkebeger.

[7] Aamund K. Bu: Ættarbok for Udlesvang, side 248.

[8] Om bryllaupet til Åmund sjå Annfrid Berget Haukeland: Myllarguten Livet, legenden, medspillerne (Dreyers forlag 2022) side 88.

[9]  Opplysningane er frå O. Olafsen: Ulvik i fortid og nutid – en bygdebok, side 173 – 174.

[10] Biletet er stilt til disposisjon av Roberta Laine, ein etterkomar etter Synneve og Anders Sponheim.

 [11] Lori Mark har gitt tilgang til desse bileta.

[12] På nettet: An Alternative Approach to Strip-Till Yields Substantial Benefits (striptillfarmer.com)

Takk

Stor takk til Lori Mark frå The Mitchell County Historical Society som har hjelpt meg med informasjon om Sponheimfamilien i USA. Ho har også gitt meg tilgang til bilete og kart av Cedar Township. Biletet av Synneve og Anders Sponheim har eg fått av Roberta Laine i Wisconsin. Ho er etterkomar etter Helge Sponheim, son til Synneve og Anders.

Artikkelen vart publisert fyrste gong i Hardanger historielag si årbok for 2023, i ei lengre utgåve.

Kan hende du også liker…