200 år sidan den første organiserte norske utvandringa

Historiografi og lokale perspektiv
30. jun 2025

Av Nils Olav Østrem, professor i historie, Universitetet i Stavanger

Ein sommardag i 1825 la ein liten farkost ut frå Stavanger med kurs for Amerika. Om bord i Restauration var 52 menneske, mange av dei kvekarsympatisørar på jakt etter fridom og nye framtidsutsikter. I dag, 200 år seinare, står denne reisa som ein symbolsk oppstart av den organiserte norske utvandringa og som eit viktig vendepunkt i både norsk og nord-amerikansk historie.

I nyttårstalen for 2025 opna statsminister Jonas Gahr Støre med å minna om desse pionerane. Han drog ei linje frå deira håp og framtidstru til vår eiga samtid, der mange no ser gode høve her i landet. Men kva var det eigentleg som dreiv dei til å bryta opp?

Perspektiv i norsk utvandringshistorie

Utvandringshistoria kan utforskast på fleire nivå. Makronivået fokuserer på strukturar og straumar, som demografi, økonomi og migrasjonsbølgjer. Mellomnivået legg vekt på nettverk, kjedemigrasjon og regionale mønster. Mikronivået gir rom for individet og brukar gjerne egodokument/emodokument som kjelder.Dette er kjeldemateriale som gjeld den enkelte utvandrar, både om reine fakta og om kva følelsar dei emosjonelt uttrykte, for eksempel i amerikabrev.

Ei mikrohistorisk tilnærming, der ein zoomar inn på ei enkelt utvandrarforteljing, gir innsikt i korleis større historiske endringar spelte seg ut på individnivå. Slike personlege historier kan opna for refleksjon rundt både handlekraft og kontekst, og gir ei menneskeleg inngangsdør til dei store spørsmåla.

Tematiske linjer i forskinga

  • Gjennom historia har ulike tema vore dominerande i forskinga:
  • Flytting og migrasjon som eit gammalt fenomen, også innanlands og til andre europeiske land.
  • Økonomiske forhold, der dei som hadde noko å rutta med var dei første som drog.
  • Kulturelle årsaker – verdsbilete, religion og ideologi som forklaringsfaktorar.
  • Teknologi – med dampskip, jernbaner og kanalar som gjorde migrasjon mogleg.

Økonomiske og demografiske forhold – eit meir nyansert bilete

I mange år har det vore vanleg å forklara den norske utvandringa til Amerika med overfolking, fattigdom og naud. Men ei rekkje forskarar, som Ståle Dyrvik og Nils Kolle, har utfordra denne for- klaringa og peika på at røynda var meir samansett. Utvandringa var ikkje nødvendigvis eit resultat av elende, men snarare eit utslag av endringar i det norske samfunnet.

Mellom 1800 og 1900 vaks folketalet i Noreg frå under 1 million til over 2 millionar. Dette kunne ein tru førte til press på ressursane, men samtidig auka produktiviteten i jordbruket betydeleg. Matproduksjonen gjekk opp, og samla produksjon tredobla seg i denne perioden. På mange måtar var dette ei tid med økonomisk framgang og om- stilling.

Sjølv om dei fleste nordmenn framleis levde under enkle kår, hadde landet som heilskap gjennomgått ei positiv utvikling. Som det har blitt formulert i ettertid: «Norge var et mye rikere land i 1875 enn i 1830», ein overgang frå u-land til i-land i strukturell forstand. Dette utfordrar det klassiske biletet av ut- vandringa som eit reint svar på naud.

Det er verdt å merka seg at mange av dei som drog, ikkje var dei aller fattigaste. Nokre forlét solide gardsbruk og satsa alt på eit nytt liv i Amerika. Dei var villige til å gi opp ein etablert posisjon i heimbygda for ein ny start, kanskje driven av ei forventning om fridom, eigarskap og framgang i det nye landet. Dette peikar på ei djupare mobilisering enn berre eit reaktivt svar på tronge kår.

Allereie frå 1700-talet ser vi teikn til auka mobilitet i samfunnet. Folk flytta meir, ikkje berre til byane, men mellom bygder, mellom fylke og etter kvart til utlandet. Dette understrekar at utvan- dringa ikkje kom som eit plutseleg brot, men som ein del av ei større rørsle der menneske søkte nye horisontar.

Historikarane Dyrvik og Kolle tok i 1986 eit tydeleg oppgjer med det dei meinte var ei for enkel forklaring på ut- vandringa. Dei skreiv: «Me vil avvisa at armod og overfolking har noko direkte med utvandring å gjera.» Deira poeng var ikkje at slike faktorar var utan betydning, men at dei ikkje kan stå åleine som forklaring. Utvandringa må sjåast i samanheng med samfunns en- dringar, teknologi, ideologi og individ sitt handlingsrom.

Lokale studiar – case-studie og den nære historia

Det er i dei lokale studiane vi verkeleg kan forstå dynamikken i utvandringa. Kven drog, kven blei att, og kvifor? Kva rolle spela familie, nabolag og bygde- samfunn? Ulike kjelder, som bygde- bøker, brev, folketeljingar og emigrantlister, gir oss innsikt i desse vala og drivkreftene bak dei.

Eg har sett på utvandringa frå Skjold og Vats mellom 1837 og 1914 for å forstå den store rørsla over Atlanteren i eit konkret lokalhistorisk landskap. I slike studiar blir det tydeleg at utvandringa var ein del av ei større rørsle, eit samfunn i endring, der mobilitet og nye horisontar spelte ei stadig større rolle.

Tabellen ovanfor fortel om nedlagde husmannsplass. I Skjold og Vats fall talet på husmenn særleg sterkt mellom 1855 og 1875. Ein kunne tenkja seg at med alle nedlagde husmannsplass, ville også det samla talet på driftseiningar innan jordbruket ha falle. Det gjorde det ikkje, tvert imot auka talet på slike jordbrukseiningar.

Bak denne oppgangen skjuler det seg mange husmannsplass som blei til gardsbruk, saman med mange nyutskilde gardsbruk. Ikring 1906/1910 hadde mengda jordbrukseiningar som var i drift, auka til over høgdepunktet i 1855 – då husmannsvesenet hadde stått sterkast i desse to bygdene. Mellom dei nye småbruka var det mange husmannsplass som blei skyldsette til eigne små gardsbruk.

Ståle Dyrvik har for Etne formulert kva den same utviklinga der viser om «den nedlagde husmannsplassen som sjølve symbolet på overfolkinga». Tvertimot var det slik at «bygdesamfunnet så langt frå hadde tappa jordressursane sine»:

Me skal også ansa på at når husmannsvesenet gjekk til atters og til slutt kvarv, skuldast det ikkje hovudsakleg at husmennene pakka i hop og drog over havet. Husmannsfolket i Etne, som i mange andre bygder sat med levebrød som hadde vore tolelege for ungdomar som voks opp tidleg på 1800-talet, men som var altfor ringe i augo åt den seinare etterslekta. Ungdomane var ikkje interesserte i husmannsplassa og emigrerte, og dei gamle vart sitjande att.

Dyrvik avsluttar med å slå fast at: «Småkårsfolket i Norge på 1800-tallet utvandra ikkje, det aldrast og døydde til sist ut».

Avslutning

Utvandringa til Amerika er meir enn eit historisk fenomen, ho er eit prisme for å forstå både fortid og samtid. Ved å kombinera overordna analysar med nære forteljingar, kan vi få eit rikare bilete av kva som låg bak det store oppbrotet og korleis det prega både dei som drog og dei som blei verande.

Nils Olav Østrem har skrive boka Den store utferda. Utvandring frå Skjold og Vats 1837-1914. Den store utferda er ei lokal utvandringshistorie som gir innsikt i korleis enkeltmenneske valde å bli emigrantar. Boka har overføringsverdi til utvandringa generelt frå Norge og gir innsikt i korleis lokale studiar av utvandringa kan leggjast opp, både av historielag og lokalhistoriske interesserte. Den store utferda byggjer på mange ulike kjelder om utvandring, også egodokument knytte til enkeltutvandrarar. Emosjonelle dokument – emodokument – er det også gjort bruk av, ikkje minst i form av amerikabrev som gjerne ofte var kjenslevare og fulle av følelsar. 

Kan hende du også liker…