Historia vår synleg for born og unge i Bokn

"å visa eit lokalsamfunn som stiller opp for å gje born og unge innføring i gamle tradisjonar for å føra dei vidare."
10. feb 2026

Av Åse Bratthammer – Kommunalsjef oppvekst og kultur i Bokn kommune

Lokalhistoria fortel deg kvar du er, koss du er komen dit og prosessane som har forma bygda du er ein del av. Ho gjev oss forståing for og røter i eige nærmiljø og er grunnleggjande for eigen identitet. Difor er både Bokn historielag, Bokn skule og Bokn kommune opptekne av å nå fram til born og unge med den nære historia. Kommuneplanen set som mål å skapa lyst til å bu i bygda og at ungdom som fer ut, skal ynskja å koma heim att. Historia til staden din gjer deg trygg i fellesskapet du er ein del av. Du vil alltid kunne høyra til og koma heim til Bokn.

I 2023 og 2024 gav difor kulturkontoret i Bokn ut dei tre bøkene «Ska sei!», ei samling av folketradisjon i Bokn, «Eg seie meg så», ei bok om boknadialekten og «Tusen år på Kyrkjehaugen», ei bok om kyrkje og tru i Bokn. Alle desse bøkene vart tilrettelagt for særleg å nå dei yngre aldersgruppene og det vart laga klassesett. Attåt har kommunen også gitt ut fire band gards- og ættesoge og ei generell kultursoge. For å fylgja opp initiativet, søkte Bokn skule og fekk i 2025 tilskot frå Landslaget for lokalhistorie på kr. 60.000. Saman med eigne midlar skulle summen nyttast til å gjennomføra prosjekt med lokalhistorie i skulen dei neste åra.

Dette skulle skje med basis i den vedtekne kommunale kulturminneplanen og i samarbeid med Bokn historielag. Bokn skule arbeidar no med og ynskjer i større grad i framtida å nytta både kulturminne og å setja Bokn si historie inn i ein samheng for born og unge i Bokn. Me har gjennomført to rundar med kulturveker både i juni 2024 og 2025.

Tema som historielaget og skulen samarbeider om: Eg og plassen eg bur på. Mat og helse – Gamle rettar og skikkar, lam og fisk på menyen, bakstekoner og takkemat. Kystkultur veker. Landbruket før og no, ein kultur i Bokn. Språkutvikling – vår dialekt og utviklinga av språket vårt. Dagar med vitjing til våre prioriterte kulturminner med aktivitetar.

Desse er forankra i læreplanane: Tverrfagleg tema: berekraftig utvikling og Folkehelse og livsmeistring. Grunnleggande ferdigheiter – på tvers av fag. Elevane aktive i eigne læringsprosessar. Kulturarbeid. Inkluderande læringsmiljø. Elevmedverknad – tenker, lærar og erfarer saman med andre. Tilpassa for den enkelte – alle skal føle meistring. Samarbeid mellom skule og heim. Profesjonsfellesskap og skuleutvikling.

Me ser at me får fokus på lokale tradisjonar som kan gå tapt om dei ikkje vert vidareførte. Skulen vert ein viktig plass i lokalsamfunnet for dei frivillige, foreldra og besteforeldra. Utvikling av samfunnet på Bokn før og no. Korleis lokalt næringsliv bidreg til samfunnsutviklinga. At born og unge får kjennskap til og ser korleis lokale lag og foreiningar bidreg i samfunnet. I prosjektet har me hatt eit stort samarbeid med foreldre, besteforeldre og andre ressurspersonar.

Samarbeid med det lokale næringslivet: Lokale fiskebåtar, både store og små, tok elevane med ut på sjøen der dei fekk fanga fisk og krabbe. Dei sponsa råvarer til å laga fiskemat. Det var omvising på oppdrettsanlegg. Elevane var på gardsbesøk på ein gard der ein hadde fjøs frå tre generasjonar der dei fekk sjå korleis det var med handmjølking, båsfjøs og moderne lausdrift. Dei var i Oksebåsen, ein gamal veglaus gard, der hus og løe er bygd saman. Der fekk dei innsikt i korleis ein nytta torv som brensel og koss torv såg ut. Elevar vitja og ein lokal bonde som samlar på tekniske reiskap og traktorar opp gjennom tidene. Alle elvane var på tvers av klassar på vitjing på Ognøy gard der dei fekk ei historisk vandring saman med Birger Lindanger, og også oppleva koss garden vert driven i dag og koss dei nytta ull, skinn og kjøt til lokalt sal. Dei fekk og tova ull og laga eit felles bilete frå alle elevane.

Samarbeid med lag og foreiningar: Folk frå Bokn historielag fortalde gamle forteljingar frå Bokn og om bokndialekta. Det siste skjedde og med utgangspunkt i dei to bøkene om folketradisjon og ord og uttrykk. Historielaget var med tilsette og elevar og lærte dei gamle leikar som historielaget samlar inn. Dei var og guidar på bygdemuseum der Birger også fortalde segn og soger. Bokn Sanitetsforeining bidrog med fyrstehjelp og baking av tradisjonsmat. Alle elevane lærte å laga lefser, flatbrød og «tjukkasar». Foreldre og besteforeldre snakka om lokal historie, var med på fiske og drog teiner. Dei lærte borna å sløye og klargjere fisk. Dei var og med å læra dei tyrkarmatter og knutar.

Open dag på skule for heile bygda: Då kulturvekene i juni var over, vart det open dag på skulen for heile bygda med utstillingar av elevarbeid og sal av tradisjonsmat.

Eg og plassen me bur på: Dei ulike trinna hadde tilpassa tilnærming til dette temaet ved skulestart i september, og Birger Lindanger fortalde gruppevis om heimstaden til dei ulike elevane. Det kunne dreia seg om busetnadsutviklinga, næringsutviklinga, om stadnamna osv. Alle skreiv, teikna og laga ulike ting frå plassen sin. Ungdomstrinnet gjekk djupare inn og skreiv historia til huset sitt, kven som hadde budd der med meir. Ukrainske elevar skreiv og fortalde om sin heimplass i Ukraina.

Lam på menyen: Bokn Bondelag, Bokn småfelag og Bokn Sanitetsforeining i samarbeid med skulen sette av ein dag saman med ungdommane i 9. klasse der dei startar med eit heilt lam. Dei lærer korleis dei parterte og brukte heile lammet. Sidan fekk dei læra om gamle mattradisjonar og å laga mat frå botn.

Nye tradisjonar saman på Bokn: Generelt er målet å visa eit lokalsamfunn som stiller opp for å gje born og unge innføring i gamle tradisjonar for å føra dei vidare. Dei har fått praktisk undervisning og lært gamle handverk me ynskjer vert vidareført. Me evaluerer og vurderer i kva som skal med og på kva måte og opplever at det for alle deltakarar er særs meinigsfullt.

Kan hende du også liker…