Av Sverre Folkestad
I løpet av 2023 og 2024 har Nordfjord Sogelag hatt ei arbeidsgruppe i sving som har planlagt markeringa av 200-årsjubileet i Nordfjord. Gruppa har vore samansett av styret i Nordfjord Sogelag og representantar for dei lokale sogelaga. Overfor lokallaga har gruppa spelt inn idear til korleis markere jubileet.
I tillegg har Nordfjord Sogelag samla seg om tre arrangement som omfattar heile Nordfjord:
15. mars: Utvandringsseminar i samarbeid med Nordfjord Folkemuseum
21. juni: Kulturarrangement i Gamle Innvik Ullvarefabrikk i samarbeid med Stryn og Hornindal historielag
18.–26. juni: Tur til Nordfjord for norskamerikanarar i samarbeid med Nordfjordlaget i Amerika og Fotefar Temareiser.

Mot vest
Første arrangementet var altså eit utvandringsseminar på Nordfjord Folkemuseum. Seminaret hadde tittelen Mot vest.
Arrangørane, Nordfjord Sogelag og Nordfjord Folkemuseum, hadde sett saman ein variert og spennande meny. Dei fem føredragshaldarane, Terje Mikael Hasle Joranger, Lena Eikeland Kutschera, Sallie Anna Steiner Pisera, Knut Djupedal og Rasmus Sunde, sette søkelys på mange spennande og interessante tema: «Den første utvandringa», «Stadkjensle / A Sense of Place: Landskap, minne og migrasjon», «Nytt liv i nytt land», «Underhaldning i det norske Amerika» og «Utvandringa frå Ytre Nordfjord».
Fleire av føredragshaldarane har skrive bøker og artiklar om utvandring, og alle har gjennom utdanning og arbeid skaffa seg solid kompetanse om utvandringa. Arrangørane let det vere opp til føredragshaldarane å bestemme kva dei ville snakke om innanfor temaet. Som det går fram av titlane på føredraga, førte det til god breidde når det gjeld innfallsvinklar.
Ein fulltreffar
Dette var eit dagsseminar med start klokka 10.00 og slutt klokka 16.00. Å døme etter både tal frammøte og tilbakemeldingane, var seminaret ein fulltreffar. Det var tidleg fullteikna. I alt deltok 70 personar. Deltakarane kom frå alle delar av Nordfjord, og også andre delar av Vestlandet var representerte.
Dei frammøtte fekk høyre fem kunnskapsrike og engasjerte førelesarar fortelje om ulike sider av temaet utvandring. Engasjementet var stort.
Både undervegs og i oppsummeringa på slutten, var der mange spørsmål og innspel frå deltakarane. Tilbakemeldingane var eintydig positive. Fleire av dei frammøtte gav uttrykk for at det hadde vore eit svært interessant seminar. Dei sat att med både ny kunnskap og nye perspektiv på utvandringshistoria.

