Personregisteret for amerikabreva

i Ål bygdearkiv
10. feb 2026

Av Oddrun Grønvik – Ål historielag

I 2025 var det 200 år sidan det første skipet med norske emigrantar la ut frå Stavanger, og over heile landet har det vore arrangement til minne om den utvandringa som kom til å endre Noreg på så mange vis. Ål Bygdearkiv har ei stor samling med amerikabrev i eit velordna arkiv, men samlinga er arkivert før digitalisering kom på tale. For å bruke brevsamlinga måtte ein før møte opp i bygdearkivet, skaffe seg løyve til å bruka samlinga, og så setja seg og bla.

Ål historielag kom derfor til at vårt bidrag til utvandrarjubileet skulle vera å gjera det lettare å få innsyn i kva samlinga med amerikabrev inneheld. Det kunne me gjera ved å skriva inn personregisteret til brevsamlinga, som også har eit innleiing med eit stutt samandrag av innhaldet. No ligg brevregisteret ute på heimesida til Ål bygdearkiv i to versjonar, eit pdf-dokument til enkelt søk, og heile excel-dokumentet, som spesielt interesserte kan laste ned og deretter sortere og undersøkja som dei vil.

Innskrivinga tok til våren 2025 og var ferdig 1.11.2025. Innskrivingsformatet er Excel (.xclx), av di størstedelen av dokumentet er i tabellform, med informasjonen ordna i kolonnar. Innleiinga er skriven inn i Word.

1 Brevsamlinga

Samlinga inneheld om lag 3 300 brev til og frå ålingar i Ål og ålingar som vandra ut til Amerika (USA). Innsamlinga og arkiveringa var eit friviljug prosjekt som vart drive i tilknyting til Ål bygdearkiv frå andre halvdel av 1980-talet til 2007. Ein stor del av æra for amerikabrev-arkivet må gå til Ola E. Hagen (1920-2008). I Hallingdølen 21.7.2007 fortel han om innsatsen, og seier at han ikkje har kjeda seg ein einaste dag! (Bjella 2007, s. 18-21).

Breva i Ål bygdearkivs samling er vel berre ein liten del av brevskiftet mellom heimebuande og utflutte ålingar med etterkomarar. Ikkje alle som reiste skreiv heim eller fekk brev heimanfrå. Slett ikkje alle brev er blitt tekne vare på. Og til sist kjem det at breva er blitt leverte inn til Ål bygdearkiv, i staden for å finnast i ein privat heim. Me må rekne med at det framleis finst brev der ute som kunne gjort rett for seg, og at mange kan ha skrive fleire brev enn det som finst i arkivet.

Breva er arkiverte i 46 permar, og alle brev er nummererte innanfor sin perm (skrive på originalbrevet med svak blyantskrift). Alle brev ligg i omslag av syrefritt papir. Det finst avskrift av mest alle brev, så ein kan spare originalane for slitasje. Kvar perm har eit kommentert brevregister først. Eg er ikkje arkivar, men for meg ser dette ut som eit førebiletleg arbeid frå arkivsynsstad; tinga – breva – er lagra slik det skal vera, og ordninga er lett å forstå og sikkert i samsvar med ynske frå dei som har levert inn breva.

2 Personregisteret på papir

Personregisteret er også indeks til brevsamlinga i arkivet. Det er eit papirdokument på 13 sider, med ei side innleiing og forklaring, og 12,5 sider liste. Listeformatet er rikt, det har ni kolonnar med ulike faste opplysningar, til dels slikt som neppe kjem frå det einskilde brevet. Mykje informasjon kan vera henta frå andre kjelder, t.d. bygdebøker og familie. Døme på slike opplysningar er personens fødselsår og utreiseår.

I tillegg er det ein god del avvik og merknader som ligg innimellom kolonnane og dels er handskrivne. Desse merknadene kan gjelda slektskap, namnebruk, yrke og anna, jf. figur 1.

Figur 1. Utsnitt frå personregisteret for amerikabreva i Ål bygdearkiv i opphavleg form. Organisering og tillegg. Ålingane Asle og Guri, busette i Ål, har brevveksla med kona til Holge, men Holge sjølv har ikkje brev i samlinga. Han er oppført som kontaktpunkt. Embrik Knutsen er registrert med tilnamnet “Kubbe-Embrik”. “d” og “x” tyder at det finst fleire opplysningar om personen i arkivet. Guttorm Knutsen har også skrive seg for “Bekkestad”, truleg før han drog til USA.

Somme personar i lista har ikkje sjølve skrive bevarte brev. Dei er der som ættefedrar eller for å setja andre skrivarar i kontekst. Eit døme er Nub Olsen Kanafetmyro som reiste ut 32 år gammal i 1878. Han er med av di dotter hans, Charlotte, skreiv eit brev i 1936.

Heile brevregisteret er no skrive inn i Excel. Det gjer at opplysningar kan sorterast og grupperast. Katalog-referansen er flytta til venstre, og det er nye kolonner for linjenummer, og for tilleggskategoriane slektskap og kommentarfelt. Ei enkel papirutgåve (pdf) må nøya seg med dei opphavlege ni kolonnane. Ål historielag har lagt ut både ei forenkla pdf-vising og excel-versjonen som søkbare dokument, jf. figur 2.

Figur 2. Tilgjenge til Amerikabreva gjennom heimesida til Ål bygdearkiv. 

4 Geografi og slekter

Brevsamlinga i Ål bygdearkiv er ordna med geografisk inndeling i 5 brevsamlingar frå Aalsherad (no Ål kommune).

Det er I Gudmundsrud / Gjeldaker (sentralt i bygda),

II Torpo og Liagardane,

III Nordbygdene,

IV Nedre og øvre Ål, Skattebøl, Breie,

V Brev frå familie med opphav i Bekkestad m.fl.

Deretter er det 27 underavdelingar, etter grend og gard og deretter slekt, og person i høve til slekt. Det er grunn til å tru at brevordninga innanfor einskildsamlingane i all hovudsak er som ved innlevering, dvs. kronologisk etter slektskap og fødselsår. Det er slektsnamnet i Noreg som er hovudordet i personindeksen, endå om folk skifta namn i samband med ekteskap eller flytting og utreise.

Det skil mykje kor mange skrivarar som er med i dei ulike brev-samlingane. I Brevsamling II D frå Opsata (Torpo og Liagardane) er det 73 avsendarar, i brevsamlingane med færrast skrivarar er det 3 og 4 deltakarar. I dei fleste samlingane er et frå 10 til 30 skrivarar – mediantaler er 23. Drygt halvparten av brevskrivarane, om lag 330, har eitt einaste brev i brevsamlinga. I den andre enden har me nokre få som skreiv fleire hundre brev gjennom eit langt liv, og der breva er blitt samla og tekne vare på.

Ola Hagen, som var på fleire turar til USA under arbeidet, og kanskje fekk med seg brev heim òg, nemner at ikkje alle var like skriveføre, så då vart det kanskje nokre få som tok på seg å skriva for fleire, særleg om brevskiftet vara lenge.

5 Oversyn over personregisteret i tal

I rekneark-versjonen av personregisteret kan ein sjå og sortera ut til dømes kor mange som skreiv frå kva stad, og kor mange brev som gjekk kvar veg. Ein kan fordela på tidbolk (fødselsår, utreiseår, skriveår) og kjønn, og få ut til dømes alder ved utreise, og kor lenge kontakten med heimlandet vara osv. Rekneark-registreringa opnar for at den som vil kan gjera sine eigne undersøkingar. Ein kan også sjå nærare på slikt som namnebruk og namneskifte i samband med utreise.

Det skal seiast at Ola E. Hagen hadde alt dette på fingerspissane då han gav seg i 2007 (jf. intervju i Hallingdølen 21.7.2007) – men no er denne informasjonen lett å få tak i for andre òg.

Å skriva utførleg om kva ein kan få ut av eit slikt register ville føra for langt, men me kan ta nokre døme.

6 Dei som fór til Amerika

Når reiste ålingane til Amerika? Personregisteret har 403 linjer med personar, 267 for menn og 126 for kvinner, som skriv brev frå USA. Av desse er det ført reiseår for 255, medan det for 27 er nemnt at dei er fødde i USA. Om 121 brevskrivarar veit me ikkje sikkert om dei reiste ut eller var fødde i USA.

Av dei 255 med reiseår oppgjeve, reiste 14 før 1850, 198 mellom 1851 og 1900, og 43 i 1901 og utover. Så den store utreiseperioden er 1851–1900 – mest halvparten av alle som skriv frå USA, reiste då. 20 av dei som reiste er i brevregisteret som kontaktpunkt for etterslekt, utan eigne brev. Av dei som skriv til Ål utover på 1900-talet, er det etter kvart mest etterslekt frå dei opphavlege utvandrarane.

Tabell 1. Brevskrivarar frå USA, etter avreiseår og tal og kjønn på avsendar. Gruppe – fleire personar skriv brev saman, som regel ei gruppe familiemedlemer. 
Tabell 2. Amerikabrev i tal, etter skriveår tal brev og kjønn på avsendar.

Det eldste brevet frå USA til Noreg er dagsett i 1844, og skrivaren er Levor Herbrand Myli Nes. Han hadde reist ut året før. Korleis det gjekk med han i USA fortel ikkje brevsamlinga noko om, for han er ein av dei 190 amerikafararane som me berre har eitt brev etter. Andre heldt det gåande lenger – Svein Larsson Haug søre reiste i 1852, og brevsamlinga har 34 brev frå han frå 1852 til 1896, altså 44 år. Ei av kvinnene som skreiv mest og heldt det gåande lengst var Ragnhild T. Bekkestad Johnsen. Ho var fødd i 1857 og reiste nitten år gammal i 1876. Brevsamlinga har 102 brev frå henne, skrivne mellom 1885 og 1941, altså gjennom 56 år, til ho var i sitt 84de år.

7 Dei som skreiv frå Ål

Mange slektningar i Ål var opptekne av å fylgje med på livet i den nye verda, og å høyre korleis det gjekk, og fortelja om stoda heime. Det er 260 linjer med informasjon om skrivarar frå Ål, og brevsamlinga inneheld i alt 1307 brev frå Ål til mottakarar i USA.

Tabell 3. Brev frå Ål til USA, grupperte etter skriveår og fordelte på kjønn. Gruppe – fleire personar skriv i same brev. Institusjon – mest frå det offentlege, t.d. i samband med arveoppgjer. 

Av avsendarane er det 140, 54 prosent, som har eitt einaste brev i brevsamlinga. I motsett ende finn me Birgit Bekkestad (f. 1874) – etter henne finst det 209 brev, 16 prosent av alle brev frå Ål. Det eldste brevet frå henne er skrive i 1894, og det siste i 1940.

1307 brev frå Ål til USA er mykje, for desse breva må vera innsamla frå USA – det var jo dit dei vart sende. Ein kan undrast på korleis desse breva har kome attende til Ål. Ola Hagen var på fleire turar til det norske USA på 1980–90-talet, og det kan vel henda han var ute på samlarferd – det veit me ikkje.

8 Litt til om alder og kjønn

Breva er skrivne mellom 1844 og 1985. Men når var skrivarane fødde? Registeret fortel oss det også. Den førstfødde mannen til å skriva frå Ål var Svein Torson Bekkestad, fødd i 1792 – han skreiv til slekt i USA i 1871, snautt 80 år gammal. Sigrid O. Gudmundsrud, f. 1800, var også godt vaksen då ho skreiv til slekt i USA i 1882–1883. Av dei som reiste ut var Knut E. Settingsgard Tveito den førstefødde – han var fødd i 1811, og skreiv heim i 1843, 32 år gammal.

Somme avsendarar dukkar opp i fleire brevsamlingar, og har dermed fleire linjer i brevregisteret. Men om ein berre går etter linjer i brevregisteret, så står kvinner bak 206 linjer og menn bak 419. Kvinnedelen av skrivarane er på om lag ein tredel både heime og ute. Det tyder på at dei norske innvandrarane til USA var velutdanna, jamført med mange av dei andre innvandrargruppene.

9 Ein skrivefør allmuge

Når ein veit korleis skulestellet såg ut tidleg på 1800-talet er hallingane imponerande skriveføre. Dei måtte læra seg dansk, for det var einaste skriftspråket dei hadde tilgjenge til. Og det var ikkje sjølvsagt at alle skulle læra å skrive såpass at det vart brev av det. Lova om allmugeskulen frå 1827 kravde undervisning i «Læsning, forenet med forstandsøvelser» – alle skulle forstå og kunna gje att katekisma med forklaring. «Skrivning og Regning» kom ikkje inn i biletet på same måten. Grunnleggjande skriveopplæring fekk borna med griffel på tavle, berre dei flinkaste kom så langt at dei fekk papir, penn og blekkhus. Først med revisjonen av lov om allmugeskulen på landet i 1860 vart skriving og rekning obligatoriske fag, trass i innvendingar og tvil frå skuleinspektørane. Skulestellet stod og fall med læraren og kva heradet ville investere i skulegonge. Amerikabreva peikar mot at mange ålingar må ha tykt skriving var viktig, har lært seg å føra pennen, og kosta seg papir og blekk.

Dei som reiste til USA, møtte eit nytt framandspråk – engelsk. Mange valde nok å halda seg til landsmenn og heimemålet, men det at alle kunne lesa, mange kunne skrive, og at engelsk står nær norsk på mange vis, må ha vore til hjelp. På den tida då nordmennene fór, kom størstedelen av innvandrarane til USA frå sør og aust i Europa. Desse gruppene stod svakare når det gjeld utdanning, og slik sett har vel dei norske innvandrarane hatt ein føremon.

10 Kva no?

Mykje arkivarbeid handlar i våre dagar om å gje nytt liv til tidlegare innsats. Slik har det også vore her – det eigentlege arbeidet med å få i stand brevsamlinga gjekk føre seg frå førti til tjue år sidan. Og då kan ein spørja seg kva neste steg burde vera.

Hadde eg hatt tid og pengar nok, ville eg byrja med å laga ei faksimilesamling – altså skanning – av heile brevsamlinga, med digitalisert versjon av avskrifter. I somme tilfelle finst det omsetjingar frå norsk til engelsk og frå engelsk til norsk. Eg ville ynskt fritt tilgjenge til råmaterialet så langt personvernreglane tillet det, og etter kvart mest mogleg søkbar tekst. Røynsla frå seinare år syner at folk liker å ha tilgjenge til råmaterialet og sjå sjølve, og i den grad historielaga kan hjelpe til med slikt, blir det godt motteke.

Men så var det det med tida, vegen og resursane. Ål historielag har hendene fulle med andre prosjekt, og fulldigitalisering av amerikabrevsamlinga er langt utanfor det laget har råd og kapasitet til i skrivande stund. Derfor blir dette inntil vidare berre ei von om at nokon ein dag skal få til noko slikt. Førebels har me berre sett lykelen i døra, slik at fleire kan gjera seg kjende med amerikabreva i Ål bygdearkiv.

Kan hende du også liker…