Landslaget for lokalhistorie får tilskott til kartleggingsprosjekt 

Landslaget for lokalhistorie har fått tilskott frå Kulturdirektoratet til prosjektet «Kartlegging av historielagas arbeid med nasjonale minoritetar og urfolks historie».
13. jun 2025

Prosjektet gjennomførast frå august til ut oktober 2025 og skal løfte fram eit viktig, men ofte underkommunisert felt i den lokalhistoriske dokumentasjonen. Korleis friviljuge historielag over heile landet har arbeidd, og arbeider, med kvensk, skogfinsk, jødisk, samisk, romsk og romanifolk/tater si lokalhistorie.  

Prosjektet tek utgangspunkt i det Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport avdekka og der dei peikte på behovet for synleggjering av nasjonale minoritetar og urfolk i eit historisk perspektiv. Mange lokalhistoriske lag har samla inn historier, foto og minne frå nærområda sine – også om minoritetars liv i lokalsamfunna – men dette materialet har ikkje blitt systematisk kartlagt eller løfta fram i ein nasjonal samanheng.

– Vi veit at det finst mykje godt arbeid i medlemslaga våre, men det har ikkje blitt samla inn på ein måte som gjer det tilgjengeleg for undervisning, forsking eller formidling. Det ønskjer vi å gjere noko med no, seier generalsekretær Tor Anders Bekken Martinsen.

Prosjektet vil bli leia av Terje Grytbakk Wold saman med  ei arbeidsgruppe med representantar frå både historielag og fagmiljø knytt til minoritetshistorie.

Historielaga har mange stemmer frå lokalsamfunn over heile Noreg. Med dette prosjektet ønskjer vi å synleggjere det mangfaldet som finst i fortellingane dei forvaltar, og vise korleis lokalhistoria kan bidra til ei meir inkluderande samfunnsfortelling.

Resultantane frå prosjektet vil publiserast og formidlast i mellom anna Landslaget sitt digitale Lokalhistorisk magasin. Det vil også inngå som del av Landslagets langsiktige arbeid med å styrke lokalhistoriske perspektiv på samfunnets kulturelle mangfald, og om vi får nye tilskott, også føre til meir omfattande dokumentasjonsprosjekt i laga.

Vi takker for tilskottet og gler oss til å starte opp arbeidet hausten 2025.

Landslaget for lokalhistorie

Kan hende du også liker…