• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Frå redaksjonen

Det nummeret av Heimen som her ligg føre, har stor breidde i tematikk og innfallsvinklar. Det spenner frå arkeologiske undersøkingar av kulturminne frå tidlig-moderne tid knytt til forsvarsverk, via endringar i matkultur på 1800- og 1900-talet og forsikringsordningar i landbruket på 1900-talet til eit historiedidaktisk utviklingsprosjekt.
Are Skarstein Kolberg som har bakgrunn som arkeolog, har undersøkt effektane av stormaktskrigane i Europa på lokalsamfunn ute i periferien. I kva grad fekk sivilbefolkninga i utkanten av Europa erfare konfliktane, og i kva grad vart desse lokalsamfunna forma av dei, direkte eller indirekte. Viktigaste studieobjekt er Skånes skanse i Levanger som vart bygd i 1643 og rive i 1747. Med dette utgangspunktet prøver Kolberg å måle effekten av krigshandlingane på lokalsamfunnet. Ideen er at storleiken på festningen speglar alvoret i situasjonen og korleis trugselen vart oppfatta.
Artikkelen om endringar i matkulturen i sør-norske bygder 1850–1950 er skriven av Åshild Danielsen. Ho har nytta eit utval av det rikhaldige materialet ved Norsk Etnologisk Gransking (NEG). Det store hamskiftet som gjekk føre seg i denne tidsperioden, innebar også endringar i den norske matkulturen. Danielsen har særlig sett på endringar i bruken av ville vekstar på landsbygda og samanlikna bygder som tidlig vart knytt til moderne kommunikasjonsmiddel med bygder som låg meir perifert. Metoden er å sjå på bruken av ulike sortar mat og drikke som inneheld ville urter og planter og i kva grad hamskiftet verka inn på behov og tilgang til bestemte ingrediensar.
Økonomihistorikaren Harald Espeli presenterte i Heimen 1/2018 første del av forskinga om brannkassane som vart etablert på bygdene frå 1816 og utover. I artikkelen i dette heftet er det brannkassane og den sentrale overbygningen som er tema: «Brannkassene og Samtrygd 1914–1958». Samtrygd dreiv med reassuranse og fungerte som ein paraplyorganisasjon for dei lokale brannkassane. Dette var svar på ein av svakheitene ved dei lokale brannkassane, mangelen på kostnadseffektiv reassuranse. Dermed var brannkassane i stand til å konsolidere den posisjonen dei hadde i marknaden i mellomkrigstida. Med mekaniseringa i landbruket etter krigen kom behov for å forsikre anna enn bygningar, og desse behova var dei lokale brannkassane ikkje i stand til å møte.
Ine Fintlands artikkel om «Gjenopplivingen i arkivet – Narrativ polyfoni som didaktisk tilnærming i historiefaget» skildrar eit didaktisk utviklingsprosjekt mellom Universitetet i Stavanger og Statsarkivet i Stavanger knytt til lærarutdanning for mellomtrinnet. Prosjektet kombinerer arkivteori og –praksis med biografiske data om eit lite utval personar. Basert på dette skulle lærarstudentane konstruere eigne forteljingar om dei utvalde personane. Dei skulle også skrive ein kort metodekritikk om det dei hadde gjort. Prosjektet er grunngitt med vektlegging som er gjort i læreplanane for grunnskolen.
Heimen byr på ein stor seksjon av bokmeldingar denne gongen. Sarah Dahle Hermanstad har meldt den engelskspråklige samanfattinga av fembindsverket Norges fiskeri- og kysthistorie: Fish, Coast and Communities. A History of Norway. Ida Bull har tatt for seg andre bind av regionhistoria for Nordland: I amtmannens dager. Nordlands historie 2: 1600–1900. I ein annan sjanger er dei to neste bøkene som er meldt: Torveig Dahl har sett på publikasjonen Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886 – 1932 som er utgitt av Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken, og Tove Fjell har vurdert Linda Stewarts Amerikabrev. Siste bokmelding står Bernt Gran for: UKA i Trondheim 1917 – 2017, forfatta av Torgeir Bryge Ødegården.
God lesing!
Hanna Mellemsether, Merete Røskaft, Hilde Gunn Slottemo og Aud Mikkelsen Tretvik
Read 121 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på sosiale media, som f.eks. Facebook og Twitter

Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt info

Bispegata 9B
7012 Trondheim

950 39 727

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

9.00  til 15.00