Ny utgåve av Heimen

Frå redaksjonen
17. des 2025

Velkomen til eit nytt nummer av Heimen. Denne gongen byr vi på fire artiklar med god variasjon, tematisk, geografisk og kronologisk.

Først og fremst markerer vi med dette nummeret at det er 200 år sidan den norske migrasjonen til USA starta i moderne og organisert form. I den samanheng publiserer vi ein artikkel av universitetslektor ved Universitetet i Stavanger Frode Fanebust. Han drøftar korleis studentar i lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger har samarbeidd med frivilligheita, nærare bestemt med Restaurationen venneforening. Foreininga driv ein replika av sluppen med same namn, som i 1825 frakta dei første nordmenn vestover til USA. Fanebust viser korleis lærarutdanninga gjennom samarbeid med ein lokal kulturinstitusjon styrkjer studentane sin faglege og didaktiske kompetanse, samstundes som prosjektet bidreg til kulturinstitusjonane sitt formidlingsarbeid – og til universitetet sitt samfunnsoppdrag.

Professor emerita ved Universitetet i Søraust-Noreg Ellen Schrumpf byggjer sin artikkel på eit minnemateriale frå barn som på midten av 1900-talet vart smitta av tuberkulose, og som difor oppheldt seg over lengre tid på sanatorium i Oslo. Artikkelen byggjer på eit minnemateriale som vart samla inn i regi av Nasjonalt medisinsk museum ved Norsk Teknisk Museum i Oslo i samband med utstillinga Vonde minner frå Grefsen barnesanatorium 1951–54 (2008). Schrumpf undersøker materialet med utgangspunkt i dei historiske, sosiale og kulturelle mønstra – eller diskursane – som bestemmer korleis barndom vart oppfatta i Noreg på den tida barna var innlagde på sanatorium, og på forteljingstidspunktet på 2000-talet. Ifølgje Schrumpf er det eit sprik mellom diskursar om barndom og om medisin på midten av 1900-talet og diskursar om det same på byrjinga av 2000-talet. Schrumpf bidreg slik til å synleggjere korleis tidsavhengige diskursar om barndom og om medisin pregar tolkinga av minne og forteljingar om sanatorieliv.

Lars Holden, Svetlana Boudko og Bjørn Fjellvoll ved Norsk Regnesentral presenterer prosjektet Historisk befolkningsregister (HBR), der Holden er prosjektleiar. Målet med prosjektet er å skape ein forskingsinfrastruktur som gjer det mogleg å dokumentere og samanstille personopplysningar frå ulike historiske kjelder for heile befolkninga i Noreg frå ca. 1800 og fram til i dag. Historisk befolkningsregister byggjer på kyrkjebøker, folketeljingar og anna materiale der personopplysningar kjem fram. I artikkelen vert oppbygginga av registeret skildra med lenkingsstrategiar og personvern og korleis registeret skil seg frå andre befolkningsoversikter. Kunnskap om kvar enkelt person sitt livsløp, bustad og familie gir ny innsikt i befolkninga og opnar for nye forskingsmetodar og meir presise skildringar og analysar. Forskarar vil kunne hente ut data om dei problemstillingane dei er interesserte i, som grunnlag for eiga forsking.

Erik Hennum-Bergsagel, fagleg ansvarleg ved Norsk hermetikkmuseum ved Museum Stavanger, behandlar i sin artikkel moderniseringa av sardinproduksjonen på 1960-talet. I åra etter andre verdskrigen vart industrien endra radikalt. Kompetansen vart heva, maskinar utvikla, nye metodar for nedfrysing av brisling og småsild vart tekne i bruk og nye og betre fryseskip satt i drift. Industrien sine rammevilkår vart endra ved nedlegginga av det såkalla sentralsystemet. Dette førte til at sardinindustrien kunne utvide produksjonskapasiteten ved dei enkelte fabrikkane og eksportere utan hindringar.

Desse faktorane bidrog til ei restrukturering og rasjonalisering av sardinindustrien på 1960-talet. Historia om bransjen er eit bidrag til historia om utviklinga av norsk industri frå midten av 1900-talet, der ein gjennom avvikling, restrukturering og rasjonalisering auka produktiviteten.

Arkeolog Harald Bugge Midthjell i Møre og Romsdal fylkeskommune drøftar i sin artikkel busetnadshistoria i Tydal kommune i Trøndelag i lys av nye og gamle arkeologiske funn. Mange av funna Midthjell drøftar, har kome fram etter kulturminnekartlegging i Nedalen i samband med tømming av Nesjøen-magasinet og gir ein oppdatert oversikt over den eldre busetnadshistoria i området. Den samiske busetnaden ser ut til å ha vore godt etablert allereie i tidleg vikingtid. Denne befolkninga har tidlegare vore utelaten i dei historiske gjennomgangane av Tydalen sin historie. I artikkelen viser Midthjell at den samiske historia er minst like lang, og kanskje lengre, enn historia til jordbruksbygda i Tydal. Artikkelen er eit bidrag til debatten om tidleg samisk busetnad i Midt-Skandinavia.

Med dette ønskjer vi lesarane våre god lesing!

Åsmund Svendsen (redaktør), Ine Fintland, Knut Grove, Marianne Neerland Soleim, Ola Teige, Haakon Hegsvold Sørlie (red.sekretær)

Les heimen her: https://www.scup.com/toc/heimen/62/4

Kan hende du også liker…