Mikal Heldal
Mellomkrigsåra var ei vanskeleg tid for mange – stor arbeidsløyse og kanskje lite initiativ frå statleg hald til å hjelpa fram tiltak i distrikta – som kunne gje arbeidsplassar. I midten av 20-åra tok banksjef Jens Langfeldt, Kristiansand, initiativet med å skipa organisert innsats for å hjelpa fram norsk småindustri: Sørlandsk industrikontor i Kristiansand. Dette var malen som vart nytta fleire stader i landet, m.a. i Bergen. Seinare vart – i 1932 – «Landscentralen for småindustrikontora» skipa. Arbeidsområda for desse tiltaka var innan vareomsetjing; forsking og rettleiing, samt organisering. Kurs og opplæring var ein viktig brikke i arbeidet. Så også utval av produkt eigna for småindustri. I Bergensdistriktet var «Haus selvhjelpskontor» i sving alt i 1911, og framover vart dei viktige aktørar for mange småverksemder.
Stongfjorden, Askvoll kommune, vart tidleg ein industristad i Sogn- og Fjordane, med første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Fabrikken var i drift frå 1908 til 1945, og området hadde difor tilgang på elektrisk kraft.
Einar Alsaker (1912 – 1992) var ein av mange ungdomar som såg seg kring etter arbeid i mellomkrigsåra. I 1931 – 1932 tok han eit snikkarkurs ved Askvoll arbeidsskule – eit av dei årlege vintersnikkarkursa som vart haldne for arbeidslaus ungdom. Venteleg var det her tanken om å skapa sin eigen arbeidsplass tok form. I tidsrommet 1933-35 vart eit verkstadbygg reist på nabotomta til Andreas Alsaker, far til Einar. Andreas Alsaker vart ein viktig støttespelar i arbeidet – han var også eigar av verkstadbygget og tomta. Dette vart Stongfjorden Trevarefabrikk, og viktige medspelarar vart Haus Selvhjelpskontor, Haus, Arna, og Vestlandske Småindustrilag i Bergen. Kontoret i Bergen vart til stor hjelp ikkje berre med ideen om produksjon av kleshengaren, men også gjennom rettleiing til å gjennomføra produksjonen – med maskinar, utstyr og ikkje minst tilrettelegging av salsapparatet.

I april 1935 vart fabrikken formelt stifta med ein samla aksjekapital på kr 5800, – fordelt på 6 parthavarar, og med Einar Alsaker som hovudpartseigar. Vestlandske Småindustrilag fekk avgjerande innverknad på produksjonen. Frå Vestlandske Småindustrilag kom det førespurnad om Alsaker kunne laga kleshengarar med rund hals. På det grunnlaget vart maskinane utvikla for dette produktet. Ei viktig side av tiltaket var motordrifta: det vart montert ein stor elektromotor som via reimoverføringar dreiv fleire maskinar. Elektrisk drift var eit stort gode på ei tid då det oftast stod ein stor semidiesel og hosta i ein krok. Men støy frå reimoverføringane vart det uansett. Dei tekniske sidene ved produksjonen klarte Alsaker å løyse, men når det kom til marknadsføring og sal var han heile tida avhengig av Vestlandske Småindustrilag. Dei 10-11 første åra vart Oddvin Størdal ein viktig medspelar. Han og Alsaker var saman om det meste – dei delte både problem og løn desse åra.
Tilgang på material var eit anna kapittel. For det meste var kleshengarane laga av bjørk – berre i liten grad vart det nytta bøk. Rundtømmer av bjørk og bjørkeplank eigna i produksjonen var det lite av lokalt, og det ser ut til at det låg mykje arbeid attom nettverket som skulle til for å halde ein jamn materialtilgang. Igjen var det Vestlandske Småindustrilag som kom til hjelp. Seinare var det Alsaker som sjølv stod for dette. Utviklinga ser ut til å ha vore frå rundtømmer, plank og – ut på 60-talet – ferdige emne. I alle høve vart det tidleg naudsynt med materialtørke som vart bygd til i 1944. Frå 1942 og utover til 1946 auka produksjonen, og prisen pr. kleshengar auka frå 15 øre til 33 øre. I 1946 kunne Alsaker ta ut løn på kr 4.350. Dei var då tre mann i arbeid i verksemda: Einar, Oddvin Størdal og Andreas Alsaker. Ein stor del av produksjonen vart seld gjennom Vestlandske Småindustrilag, som vidare-selde kleshengarane innanlands og eksporterte ein del t.d. til Nederland.
Det vart gode tider for fabrikken utover på 50- og 60-talet. På det meste – i 1957 – vart det berre til Vestlandske Småindustrilag sendt 75 sendingar, der det i kvar sending kunne vera opptil 4 kassar som kvar inneheldt 400 kleshengarar. Og Vestlandske Småindustrilag var hovudmottakar, men også Haus Selvhjelpskontor var ein god mottakar frå 1948 til 1966 – då gjekk dei over til Norsk Husflid Engros. Salet gjekk vidare, men under andre namn slik det er ført i rekneskapsbøkene.
Framstilling av kleshengarane var som nemnt frå rundstokk som dei saga til plank – seinare frå innkjøpt plank. Emna vart saga ut på bandsag, og fresing av rund overkant på bordfres. Skråsaging av emna og fresing av spor til kilar vart gjort med sirkelsag og bordfres. Så vart hengarane limt og lagde til tørk over natta. Så kom pussing og innsetjing av tverpinne. Det vart bora hol for kroken som skulle setjast i, og hengarane vart dyppa i «limvatn» – så tørking, finpussing og dypping i celluloselakk for så å bli tørka i eit stort tørkehjul. Og så ut til brukar!
Kleshengarfabrikken i Stongfjorden ga på det meste (1954) arbeid i 5 heile stillingar i tillegg til Alsaker sjølv. Seinare var det jamt over 3 heile stillingar samt at nokre av borna arbeidde litt deltid. Karakteristisk for drifta ved fabrikken var akkordarbeid, likeløn, unge arbeidsfolk og tidleg laurdagsfri – i alle høve frå 1957. I eit lite bygdesamfunn vart fabrikken viktig for mange, men mest av alt var dette ei familiebedrift. Og økonomien vart slik at alle sju borna fekk ta høgare utdanning. Alt har si tid. Utover på 60-70 talet gjekk salet ned – og i 1974 vart det heilt stopp. Då hadde plasten teke over marknaden – slik det vart for mange små verksemder der råstoffgrunnlaget var trevirke. Den fordervelege plasten! Så finn me enno kleshengarar av tre – t.d. hos IKEA – men utan rund hals. Fabrikken i Stongfjorden står mykje godt intakt i dag – og det er ei von om at dette industriminnet vert teke vare på.

Kjelder:
Reidun Alsaker Helleseth: Stongfjorden Trevarefabrikk. Produksjon av kleshengarar 1935 – 1974. Einar Alsaker. (2021)
Banksjef Jens Langfeldt: Sørlandsk industrikontor. (Ein artikkel frå Chr. Wollnicks bok «Kristiansand i fortid og nutid» (1935) side 101-102.
