Julehelsing fra styreleiar

Gode lesar!
19. des 2025

Låg desembersol skin inn over stugubordet her eg sit og jobbar. Ute er det kvitt, men ikkje så mykje snog, i dag er det minus 10 grader ute, godt og varmt inne. Skal snart ut og gå morgontur. Denne gongen utan min gode firbeinte ven Aslan. Eg er nemleg ikkje heime i Ringebu, men som så mange andre er eg på besøk åt familie i jula, denne gongen åt sonen min med familie i Ithaca, upstate New York. I år har mange av oss erfart at adventsbegrepet er mesta borte i den «moderne» delen av kvardagen vår, det er jula som tek heile månaden. I mi tid ved Valdres Folkemuseum var eg med på eit flott tradisjonsrikt familiearrangement tidleg i desember, Skarka. Da er det fokus på førebuingar til juletida. Denne dagen er det sjølvsagt lov å smake på alt som vart laga. Tidlegare vart julematen pakka godt – og satt vekk til julekvelden. Men i dag kan det virke som om maten blir brukt i dagane fram mot julehelga også.

Ein kan godt «moralisere» over slike endringar, «alt var betre før» er ikkje det beste svaret på endringar i samtida. I juletida er familie og vener viktige. Det er mykje sosial omgang, og mange feirar saman med eige familie. Kvar kjernefamilie har og ein syklus. To unge møtes og slår seg saman, medan dei er barnlause feirar dei kan hende hos kvar sine familiar. Seinare blir det gjerne ungar og mange feirar hos besteforeldra, gjerne bytte annakvart år, med tre generasjonar samla. Men ein eller annan gong finn paret ut at nå er det på tide å feire jula i eige heim, og besteforeldra og annan familie må finne ut – skal vi dra til … eller skal vi vera heime i år? Slik endres familietradisjonen gradvis ettersom generasjonane veks fram. Samlivsbrot kan også føre til ufordringar ein må løyse godt for ungane og vaksne i jula.

I tillegg til slike generasjonsovergangar er det to menneske som saman skal finne ut kva for tradisjonar skal dei halde på i sin kjernefamilie. Det kan by på utfordringar! Om det er familiar frå ulike landsdelar kan det bli stor debatt om middagen julekvelden, ribbe, pinnekjøtt, torsk… 

Ein dag i advent ved Valdres Folke- museum da vi sat kring bordet og hadde dugurd/lunsj, vart vi pratande om kva for tradisjonar dei ulike hadde i matvegen julekvelden. Det var mange variantar som kom fram. Nokre kunne vi spore til ei mormor frå Salten, eller ein farfar frå Agder, andre meir stadbundne til slekter i Valdres.

Men slik er det tradisjonar held seg levande. Med kulturmøte mellom ulike kulturar skjer det påvirking og utveljing som gradvis blir innarbeidd til «slik er våre tradisjonar». 

Dette er også kjernen i vårt lokalhistoriske arbeid. korleis vidarefører vi våre tradisjonar, korleis skjer endringane – og kva blir gradvis borte.

Men så attende åt advent til slutt. Det er fint å kunne glede seg til noko, ikkje ta alt på forskott. Difor likar eg ein liten vri på ordet advent – som er ein kristen periode med mellom anna faste, markert i alle fall frå år 380 jf. Wikipedia. Ordet kjem frå latin og tyder adventus Domini, eller Herrens ankomst. Eg likar å sjå på det som ad (latin til, bort til, ved, etter) vente (norrønt vænta) advent om å glede seg og vente på noko som kjem: Julehelga, og ikkje ta alt på forskott.

Så vil eg ynskje dykk alle glædeleg jul og eit fredeleg nytt år!

Penny Lane Dec. 12 2025

Torveig Dahl

styreleiar

Kan hende du også liker…