Arrangementet er gratis og ope for medlemmer av NFFO og medlem av historielag tilslutta Landslaget for lokalhistorie, men påmelding er naudsynt.
Seminaret finn sted 3. april fra kl. 13.00-16.00 i Uranienborgvegen 2, Oslo, inngang Parkvegen. Meld deg på.
Lokalet har plass til 70 personar. NFFO og Landslaget for lokalhistorie har diverre ikkje høve til å tilby reisestøtte.
Programmet blir oppdatert. Dørene opnar kl. 12:30.
Førebels program
kl. 13:05-13:45 Føredrag ved Even Saugstad: “Folk og røvarar i Oslomarka”.
Even Saugstad har i fleire bøker teke for seg personar som har vald å distansere seg frå A4-livet. Boka Folk og røvere i Oslomarka (Frie Fuglers Forlag) handlar om personar som har nytta skogsområdene rundt hovudstaden på meir kreativt vis enn rusleturar på søndagar. Dei har levd for marka, av marka og i marka. Korleis har han gått fram når han har funne fram til desse personane og kva etiske retningsliner har han halde seg til i bruka av kjeldene?
Even Saugstad er frilansjournalist- og forfattar, og har skrive mangfaldige bøker lokalhistorie og friluftsliv.
kl. 14:00-14:45 Stavkyrkjehistorie. Føredrag ved Torveig Dahl: Livet rundt Ringebu stavkyrkje. Kva seier bygningane og området rundt Ringebu stavkyrkje om livet folk levde og behova dei hadde? Utgangspunktet for føredraget er boka Ringebu stavkyrkje og prestegard: kultursentrum i tusen år (Ringbu historielag 2021). Tid til spørsmål frå salen.
Torveig Dahl har vore direktør for Toten økomuseum, Valdresmusea og Gudbrandsdalsmusea, og er styreleiar i Landslaget for Lokalhistorie.
Spørsmål?
Kristine Isaksen i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO): arrangement@nffo.no / 952 01 968.
Terje Grytbakk Wold i Landslaget for Lokalhistorie: sekretariat@landslaget.org
Marthe Hommerstad ved Norsk lokalhistorisk institutt: marthe.hommerstad@nb.no