Lokalhistorisk seminar

Arrangert av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening i samarbeid med Landslaget for lokalhistorie og Norsk lokalhistorisk institutt
14. mar 2025

Gratis og ope for medlemmer, men påmelding er naudsynt. Meld deg på.
Lokalet har plass til 70 personar. NFFO har diverre ikkje høve til å tilby reisestøtte.

Programmet blir oppdatert. Dørene opnar kl. 12:30.

kl. 13:05-13:45 Føredrag ved Even Saugstad: “Folk og røvarar i Oslomarka”. 
Even Saugstad har i fleire bøker teke for seg personar som har vald å distansere seg frå A4-livet. Boka Folk og røvere i Oslomarka (Frie Fuglers Forlag) handlar om personar som har nytta skogsområdene rundt hovudstaden på meir kreativt vis enn rusleturar på søndagar. Dei har levd for marka, av marka og i marka. Korleis har han gått fram når han har funne fram til desse personane og kva etiske retningsliner har han halde seg til i bruka av kjeldene?

Even Saugstad er frilansjournalist- og forfattar, og har skrive mangfaldige bøker lokalhistorie og friluftsliv.

kl. 14:00-14:45 Stavkyrkjehistorie. Føredrag ved Torveig Dahl: Livet rundt Ringebu stavkyrkje. Kva seier bygningane og området rundt Ringebu stavkyrkje om livet folk levde og behova dei hadde? Utgangspunktet for føredraget er boka Ringebu stavkyrkje og prestegard: kultursentrum i tusen år (Ringbu historielag 2021). Tid til spørsmål frå salen.

Torveig Dahl har vore direktør for Toten økomuseum, Valdresmusea og Gudbrandsdalsmusea, og er styreleiar i Landslaget for Lokalhistorie. 

kl. 15:00-15:45 Samtale mellom Øystein Lydik Idsø Viken og Aud Mikkelsen Tretvik med utgangpunkt i Namdalens historie. Band 3 : Verdsvand utkant. Etter 1837 (Museumsforlaget 2023). Dei to førre banda kom i 1999 og 1965. Finst det ei namdalsk sjølvforståing, og kva held distriktet saman i dag? Namdalens historie syner dei mange endringane som har forma eit moderne norsk landskapsområde og diskuterer grunnlaget for regionalt fellesskap i ei tid med samanslåing og fråflytting.

Øystein Lydik Idsø Viken har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, og er førsteamanuensis ved fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet i Levanger.

Aud Mikkelsen Tretvik er doktor i historie og professor i kulturminneforvaltning ved Institutt for historiske og klassiske studium ved NTNU. Ho har m.a. skrive Lokal og regional historie som kjem i ny utgåve i år (Det Norske Samlaget).

Spørsmål? 
Kristine Isaksen i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO): arrangement@nffo.no / 952 01 968. 
Terje Grytbakk Wold i Landslaget for Lokalhistorie: sekretariat@landslaget.org 
Marthe Hommerstad ved Norsk lokalhistorisk institutt: marthe.hommerstad@nb.no

Kan hende du også liker…