I 2025 markerer me 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Då me byrja leite etter ei vinkling for å laga eit program i høve jubileet, såg me at det dei siste ti-åra har vore eit aukande fokus på kvinnene sin situasjon i utvandringa. Likevel har deira historier ofte stått i skuggen av mennene sine.
Målet vårt med Vågespel er å setja kvinnene sine ord inn i ein historisk kontekst og gje dei ei stemme. Gjennom brev og dagbøker får me eit nært møte med deira erfaringar – frå dei dramatiske augneblikka til kvardagskampane som forma liva deira.
Det var òg viktig for oss å ikkje berre løfte fram dei mest spektakulære forteljingane, men òg historia om kvardagen – om arbeid, fellesskap, sakn og håp. Mange av desse kvinnene var husmødrer, tenestejenter, lærarinner og fabrikkarbeidarar, men dei har ofte blitt oversette i den offisielle historia. Me ynskjer å vise korleis dei som bar livet vidare – gjennom slit, gjennom omsorg, og gjennom motet til å skape noko nytt.
Kjeldene
Materialet me arbeider med i Vågespel er henta frå ei rekkje ulike kjelder, mellom anna Arkivverket, Vestland fylkeskommune, faglitteratur, biografiar, etterkomarar osv. Nokre av breva me har teke utgangspunkt i, har aldri tidlegare vore transkriberte, som til dømes samlinga etter Anna Slinde som låg i Vestland fylkesarkiv – over 50 brev som vart levert inn frå garden Lomelde i Sogn.
Me er veldig klare over at me ikkje er forskarar, og me har ikkje som mål å presentere ny forsking. Arbeidet vårt er kunstnarleg og tolkande, men basert på dokumenterte liv og historiske kjelder. Me ser på oss sjølve som formidlarar – av akademisk kunnskap, av arkivmateriale, og av levde liv – inn i ei form som kan røre eit breitt, og kanskje også eit yngre publikum. Me ynskjer å heidre dei forskarane me står på skuldrene til, samtidig som me prøver å skape noko nytt som kan nå ut over dei tradisjonelle formidlingsformene.

Kan du fortelje litt om nokre av desse kvinnene?
I Vågespel møter me åtte kvinner som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom deira eigne ord, sett inn i ein historisk kontekst, får me innsikt i kvifor dei reiste, kva dei møtte, og korleis dei forma nye liv.
- Marta Georgina Larsen (1803–1887) frå (Eide, Fogn, Rogaland) fødde eit barn medan skipet vogga på havet. Ho var ein av dei første kvinnene som utvandra frå Noreg, og hennar liv speglar pionerånda som dreiv mange til å krysse havet. Ho reiste med Restaurationen frå Stavanger i 1825.
- Guri Endreson Rosseland (1813– 1881) frå Vikøy i Kvam, Vestland, såg mannen og sønene bli drepne under Sioux-opprøret i 1862.Ho skreiv seinare om tapet, men òg om styrken til å halde fram. Historia hennar illustrerer korleis kvinner ikkje berre var offer, men aktive overlevande som bar samfunn vidare.
- Caroline Dorothea Preus (1829– 1880) født i Kristiansand var prestekona som skreiv dagbok om pionerlivet – om den bitande kulden, om korleis ho sakna ein heim ho aldri kunne vende tilbake til, men òg om korleis ho byrja sjå moglegheiter i den nye verda. Ho reflekterte over kvinner sin posisjon og skreiv: “Kvifor skulle me ikkje utvikle evnene våre like mykje som menn?”
- Margreta Nilsdatter Nesheim (1830 –1924) frå Granvin i Vestland kom til Chicago utan pengar og vart utnytta i teneste, men kjempa seg opp og bygde eit nytt liv. Hennar historie er eit sterkt døme på kor sårbare mange kvinner var når dei kom fram, men òg på kva slags styrke dei hadde for å overleve.
- Gjertrud Rumohr Haug Hilleboe (1833-1909) frå Sogn reiste over Atlanterhavet åleine som ung kvinne, ei reise som var prega av stormar, svolt og sjukdom. Ho fann seg arbeid, bygde seg ein heim i Wisconsin, og vart eit naturleg samlingspunkt for lokalsamfunnet. Ho var den første i busetnaden med symaskin og brukte kunnskapen sin til å hjelpe andre kvinner. Historia hennar er eit bilete på korleis kvinner skapte fellesskap og bygde opp nye liv, trass i harde kår.
- Anna Slinde (1861-1946) frå Slinde, Sogn.
- Rakel Tonette Atlaksdatter (1841-1923) frå Ovedal i Bakke, Vest-Agder.
- Elina Svåi (1892-1990) frå Marifjøra i Luster
I podkasten vil me høyre utdrag frå desse kvinnene sine brev og dagbøker, opplest av skodespelar Ragnhild Gudbrandsen, og sett i samanheng med historiske hendingar Kva får du høyre i podkasten? I podkasten Vågespel går me gjennom ti episodar, der me utforskar ulike aspekt ved utvandringa frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925. Kvar episode set konteksten for utdrag frå kvinnene sine eigne brev og dagbøker, slik at lyttarane får innsikt i både dei personlege opplevingane og dei større historiske råmene.
Me tek for oss dei første pionerane som våga seg over Atlanterhavet, korleis utvandringa utvikla seg gjennom 1800-talet, og kva samfunn kvinnene møtte i den nye verda. Me ser på kvardagslivet – arbeid, heim, fellesskap – og korleis dei fann måtar å tilpasse seg og skape nye røter. Me tematiserer òg utfordringar som sjukdom, tap, migrasjonslover og motstanden mange møtte.
Kvifor trur de at me har høyrt så mange av mennene sine historier, men så få av kvinnene sine? Historiebøkene har lenge prioritert mennene sine bragder – dei som hogg ned skogar, bygde byar, og oppretta samfunn. Menn var òg oftare dei som skreiv offentlege dokument og reiseskildringar, medan kvinner sine liv blei dokumenterte i private brev og dagbøker som sjeldan fann vegen til historiebøkene. Men når me les desse kjeldene, ser me kor sentrale kvinnene var i nybyggjarsamfunna. Det var dei som bygde heimane, oppdrog borna, skapte fellesskap, og ofte arbeidde på lik linje med mennene. På 1800-talet var det ikkje sjølvsagt at alle kunne skriva, og mange kvinner sine historier er også truleg gått tapt fordi dei ikkje etterlet seg skriftlege kjelder. Samstundes var dette eit hundreår med store endringar for kvinner – både økonomisk, sosialt og juridisk. På midten av 1800-talet fekk einslege kvinner gradvis rett til å driva handel og handverk, og etter kvart fekk fleire kvinner tilgang til utdanning. Dette la grunnlaget for den norske kvinnerørsla og kampen for stemmerett, som kulminerte i at kvinner fekk røysterett i 1913.
For mange av dei som utvandra, var ikkje berre draumen om jord og betre økonomiske vilkår ein drivkraft – det handla òg om å finne meir fridom og sjølvstende. I Amerika fekk kvinner ofte fleire moglegheiter til å tene sine eigne pengar, jobbe utanfor heimen og påverke samfunnet dei levde i. Samstundes var det ingen lett veg. Utvandrarkvinnene måtte arbeide hardt, ofte under krevjande forhold i fabrikkar, hushald og jordbruk. Kampen for overleving og eit verdig liv var sentral i deira historie – og det er denne historia me vil lyfta fram i Vågespel. Kva ynskjer de at dei som høyrer podkasten skal sitje att med? Me ynskjer at lyttarane skal sitja att med ei sterkare forståing av kvinnehistoria i utvandringa – ikkje berre dei store, dramatiske hending- ane, men òg dei kvardagslege liva som bar framtida vidare. Me håpar òg at Vågespel vil få folk til å reflektere over migrasjon i dag. Korleis er erfaringane til dei som reiser i dag samanlikna med dei som utvandra for 200 år sidan? Kva tyder det å forlate alt ein kjenner for noko nytt? Me ynskjer at desse kvinnene ikkje lenger berre skal vere usynlege namn i gamle brev, men levande stemmer som kan inspirere oss i dag.
Kvar finn ein podkasten:
på våre heimesider www.vaagespel.no På spotify og i podcast appen- søk Vågespel.
Podcasten er støtta av Fritt ord.
Forteljarar Reidun Horvei Ragnhild Gudbrandsen Manus Inger-Kristine Riber Reidun Horvei Assisterende redaktør Katherine J. Hanson
Andre samarbeidspartnarar Birgit Jaastad Vestnorsk utvandringssenter Norwegian American Historical Association Seattle-Bergen Sister City Association Vestland fylkeskommune

Inger-Kristine Riber (t.v.) og Reidun Horvei skal fortelja historiene til kvinner som utvandra til Amerika.
Foto av kvinne med Rifle på plakaten:
Emma Hagen (1887-1963) holding rifle on her home taken in front of her homestead home in North Dakota, US (Norsk utvandrar)
In courtesy of NDSU Archives, Fargo, North Dakota.
Foto av kvinneleg fabrikkarbeider: Gisholt Machine Company factory, Madison, Wisconsin, 1918.
– John A. Johnson Papers. Norwegian American Historical Association, Northfield, Minnesota.
