Skogshyttene i Sør-Aurdal

Sør-Aurdal Historielag lanserer sin nye bok «Skogshyttene i Sør-Aurdal På Begna Bruk 29 nov. 2024
29. nov 2024

Tekst: Åse Østgard Hagen, Sør-Aurdal Historielag

Sør-Aurdal Historielag vedtok på årsmøtet i 2019 å starte med innsamling av opplysningar om skogshytter som framleis fanst att i kommunen.

Desse husa spelte ei viktig rolle for arbeidet i skogen før drifta vart motorisert. Denne delen av skogbrukshistoria var i ferd med å bli borte difor såg Sør-Aurdal Historielag det som viktig å dokumentere dette for ettertida før det var for seint.

Kva er ei skogshytte?

Ei skogshytte er et krypinn som skogskarane budde i der dei dreiv hogst og køyring med hest.

Skogshyttene låg som regel langt til skogs, med lang avstand heimanfrå slik at ein ikkje kunne gå heim kvar kveld.

Svært få hytter i dag står slik som dei gjorde då skogskarane budde der. Dei fleste er gjort om, restaurert eller bygd på og nye hus er sett opp ved sida av.

Dei fleste blir i dag brukt som jakthytter og fritidshytter.

Hytte, koie og kule

I Sør-Aurdal seier ein mest skogshytte. Vi har ein handfull koier og nokre fleire kuler, men de aller fleste blir kalla hytter.

Tufter

Vi har konsentrert oss om dei plassane der det framleis står hus og har teke med stader der ein kan sjå tydelege spor. Det viste seg snart at det er mange hytter som borte. Ser ein på kart frå starten på 1900-tallet er mange hytter avmerkt, og folk kan opplyse om stader der det har stått ei hytte, men mange finn ein ikkje spor etter i dag. Dei setrene som vi sikkert veit er brukt som skogshusvære, er med.

Lokalkjende personar frå alle delar av kommunen har deltake i arbeidet. Løyve vart innhenta hjå grunneigarane til å registrere og fotografere skogshyttene. Det var viktig å snakke med folk som kjende historia til den aktuelle plassen, og det vart brukt eit eige skjema ved registreringa.  Arbeidet, som for det meste måtte gjerast på sommaren, har kravd mykje tid, men no er arbeidet ferdig og boka er i trykken.  Det er registrert ca. 250 skogshytter, både dei som er i god stand, og dei som står til nedfalls.

Sør-Aurdal Historielag ynskjer å formidle denne viktige delen av skogbrukshistoria og vonar at boka kan vera av interesse for både nolevande og komande generasjonar.

Om du ynskjer å kjøpe boka kan du kontakte Sør-Aurdal historielag på historielaget@hedalen.no.

Kan hende du også liker…