Fayance-Fabriqve på Lesja

Vi sto der husa på garden Søre Leiret hadde vore, ikkje langt frå den gamle prestegarden Hov og tufta etter stavkyrkja i Lesja. Der vi sto hadde det vore ein «Fayance-Fabriqve» før 1760. Vi leita i jorda, vi grov i skråningane, vi søkte etter spor av produksjonen: høveleg leire, fin sand til glasur ...
5. nov 2024

Befaring på Søre Leiret med grunneigar, historielaget og Senter for keramisk kunst. Foto T Dahl

Tekst: Torveig Dahl, styreleiar Landslaget for lokalhistorie

Ein kald vårleg dag i slutten av april 2022 sto nokre personar midt ute på eit jorde på Lesja med spade og nokre tomme yogurt beger i sekken. Vi sto der husa på garden Søre Leiret hadde vore, ikkje langt frå den gamle prestegarden Hov og tufta etter stavkyrkja i Lesja. Der vi sto hadde det vore ein «Fayance-Fabriqve» før 1760. Vi leita i jorda, vi grov i skråningane, vi søkte etter spor av produksjonen: høveleg leire, fin sand til glasur …

Grunnlaget hadde vi frå tre samtidige kjelder som fortalde om denne tidlege produksjonen av fajanse, truleg av det fyrste i landet. I tillegg hadde vi ein artikkel frå 1999 med omtale av to krus og fem fat i fajanse, antatt produsert på Lesja. Der sto vi, to frå Senter for keramisk kunst (SKK) og fire lokalhistorikarar. Eit lite kunstindustrieventyr til å undre seg over – ville vi finne fleire svar, eller berre fleire spørsmål?

Fajanse

Fajanse er ei type lågbrent leirtøy, brent ved temperaturar opp til ca. 1020°C. Kjenneteikn på fajanse er ein blyglasur tilsett tinnoksyd som gjer glasuren ugjennomsiktig (opak), kvit. Godset under er porøst og har ei lett gulaktig farge. Fajanseteknikken er gammal, kjent frå dekorfliser i m.a. tempel i Babylon.

Namnet fajanse kjem frå den italienske byen Faenza der det frå 1400-talet var ein rik fajanseproduksjon. I Norden vart det fyrst produsert i Store Kongensgade København frå 1722, Rørstrand ved Göteborg frå 1726, Herrebøe Fajansefabrik ved Halden (1759- ca. 1770), Bragernes ved Drammen, og ein seinare, meir omfattande produksjon i Egersund Fajancefabrik (1847-1979). Fajanse var billegare enn porselen, og fekk såleis ein stor marknad, vart også kalla «fattigmanns porselen». Korleis kjem Lesja inn i denne historia?

Aase Bay Sjøvold

Kunsthistorikar Aase Bay Sjøvold (1918-2000) forska på dette frå 1960-talet. Ho leitte i skriftlege kjelder og nøye undersøking av fajansegjenstandar i museumssamlingar. Det er bevara sju unike gjenstandar med ein del felles preg, men med ukjent proveniens. Ein av desse, eit fat, har signaturen «LÆSØ / B», lenge antatt å vera den danske øya Læsø. Men der har det ikkje vore fajanseproduksjon.

Foto/ faksimilie: Frå Bay Sjøvold 1999.

Bay Sjøvold fortel: Professor Hilmar Stigum (1897-1976) «kom en dag smilende og sa: Du vil vel ikke ha en fajansefabrikk på Lesja? Han siktet til Gerhard Schønings rapport i 1775 fra sin «Reise gjennom Gudbrandsdalen». Selv om navnet ofte ble stavet Lessøe eller Læssøe på norsk, er det ingen tvil om at det har vært gjort forsøk på å lage fajanse på Lesja, antakelig i de nærmeste årene før 1761». (Bay Sjøvold 1999, s. 52)

I ei anna samtidig kjelde, ei reisebeskriving publisert i 1778 av justisråd og tollinnspektør Nicolai Christian Wendelboe Lassen (1748-1818) står det «Fiin leer tjenlig til Fayance findes somme steder, og den dertil Sønden for Lessøe Hoved-Kirke. Sand, tjenlig til Glasur, findes sammesteds, hvoraf Klokkeren Viborg betiente sig for nogle Aar, og dermed giorde et ufuldkommet forsøg til ein Fayance Fabriques Anlæg. Skade at der til at opprette og vedligeholde saadan Fabrique vilde fattes Brænde og Stedets lange fraliggenhed fra Kiøbstæderne og søe-Havnene vilde giøre Afsætningen vanskelig og kostbar. (Bay Sjøvold 1999 s. 53-54, Lassen 1778, s. 6-7).

Bay Sjøvold arbeidde vidare med temaet, og har i sin artikkel ei lang kjeldeliste der ho grundig dokumenterer sin teori om at fire (fem?) fat/tallerken og to krus sannsynlegvis er laga på Lesja på slutten av 1750-talet, truleg dekorert av den danske porselensmalaren Christian Brøsløw. Han hadde vore malarsvenn ved den store fajansefabrikken Store Kongensgade i København, truleg vart han aldri fajansemeister, men hadde budd i Gudbrandsdalen på denne tida.

Lesja 1750 – eit innovativt miljø

«Dalbotnen ligg mellom fem og seks hundre meter over havet, og strekkjer seg seks mil frå grensa mot Dovre med Dombås i aust, til Stuguflotten og grensa mot Romsdalen i vest.» skriv lokalhistorikaren Oddvar Romundset (Romundset 2022, s. 37). Det var på den tida omfattande transitthandel gjennom bygda, fisk kom frå vest og korn andre vegen, saman med handverksprodukt. Kring 1660 vart Lesja Jernverk (i drift til ca. 1800) etablert med store ringverknader for bygda, både med tilgang til arbeid og inntekter. Det var eit innovativt miljø med nye impulsar og mange ulike fagfolk som kom åt bygda og skapte økonomisk vekst saman med dyktige bygdafolk. Samstundes auka samferdsel og handel gjennom bygda mellom Romsdalen og Austlandet.

Av handverkarane ved jernverket lærte lesjingane å blande fargestoff til dekor av møblar og anna inventar. Bygda er kjent for mange dyktige dekorasjonsmålarar, treskjerarar, smedar m.fl. utover 1700 talet og framover (Bjørneby 2015, s. 5-22). Ein kan difor gå ut i frå at det var god kompetanse på dekorering i bygda. Ut over 1700-talet vart Trondheim eit velkjent miljø for pottemakerproduksjon, men det er ikkje kjent at Wiborg hadde nokon kontakt med det. Men på jernverket må det ha vore ein del keramikk som m.a. kom med dei tyske fagfolka.

Ein av dei mest kjende treskjerarane er Jakob Bersveinsen Klukstad (1705-1773) frå Lom. Han flytta åt Lesja i 1746 og kjøpte seg gard like ved prestegarden Hov og Søre Leiret. Han fekk i oppdrag å utforme altartavla og preikestolen i den nye kyrkja. Han var og kjend som ein dyktig dekorasjonsmålar (Bjørneby 2015, s. 13). Dette var miljøet som møtte den initiativrike Fredrik Wiborg (1708-1804) da han flytta til bygda i 1751 som klokkar. Wiborg og Klukstad budde på gardar ikkje langt frå kvarandre.

Fredrik Wiborg

Han kom frå Ringsaker, men familien Wiborg hadde fleire sentrale posisjonar i Gudbrandsdalen på den tida, og var ein del av nettverket av dyktige embetsfolk i området (Pryser 1994). Han kjøpte garden Søre Leiret i 1753. Namnet fortel at det er mykje leire i området og garden låg ned mot Lesjavatnet, som vart tappa ut frå 1857 og utover. Den tidlegare breidden låg inne på dagens jorde der Søre Leiret låg, og er framleis godt synleg som ein markant skråning, eit stykke frå elvebreidden.

For å etablere ein slik ny produksjon, trong Wiborg kompetanse om leire, brenning, glasur og dekor. Andre lokaliseringsfaktorar var tilgang på god kvalitet av leire og sand, transport og emballasje under transport, arbeidshjelp og mykje ved til fyring. Den gamle tjodvegen med omfattande varetransport frå lenger sør i Gudbrandsdalen gjennom bygda, gjekk forbi prestegarden, forbi Søre Leiret og vidare vestover, mot Romsdalen, fjorden

Wiborg hadde ikkje kompetanse verken til produksjonen av leire/fajanse eller glasur med dekormaling, han trong ein fajansemeister. Det er ikkje funne dokumentasjon om at den danske fajansemålaren Christian Brøsløw var i Lesja, men Bay Sjøvold tolkar signaturen «Læsø / B» som ganske sikker, at det er han som har dekorert. Det er kjent at han oppheldt seg i prestegarden i Vågå i 1761, seinare på Jetlund i Fron i 1765, der han truleg døydde. Sjøvold trur han var i Lesja før han var i Vågå. Det er heller ikkje kjent at det har vore andre med fajansekompetanse der.

Kvifor vart det berre med forsøka?

Det var stort behov for fyringsved i Lesja på den tida, for gardane til vanleg gardsdrift, og for Jernverket som hadde ein circumferens (krav til levering av ved med meire) som gjekk godt aust for Kyrkjebygda (der Søre Leiret låg). Slik vart det eit problem å skaffe nok ved til å fyre fajanseomnen.

Andre samtidige kjelder nemner og nokre av dei kritiske faktorane for produksjonen « .. en Pottemager-Fabrik, som ikke kom til nogen Fuldkommenhed af mangel paa en duelig Mester, skiønt Leeren i seg sjølv var duelig og beqvemt.» (Bay Sjøvold 1999 s. 54,  Hjorthøy 1785, s. 21). Etter det høyrer vi ikkje meir om fajansefabrikken, og i 1770 hadde klokkar Wiborg seld garden Søre Leiret og kjøpt garden Sili i same grenda der han heldt fram med meir utviklingsarbeid.

Bay Sjøvold (1999, s. 54) viser til dei samtidige kjeldene og konkluderer med årsaker til at ein ikkje fekk til ein meir omfattande produksjon – og nedlegging av verksemda: Dårleg kvalitet på produkta, manglande kompetanse i produksjonen og dekor, store omkostningar og lang transport til marknadene av eit produkt som var lett å øydelegga. Såleis vart dette industrieventyret på Lesja berre eit lite sidespor i den over 200 år lange historia med fajanseproduksjon i Noreg.

Spor i landskapet

Rolf Sørumgaard, Lesja historielag, fann lett sand ved elvebreidden. Marita Eri Moe, Senter for keramisk kunst, leiter etter god leire i den gamle skråningen ned mot vatnet. Foto T Dahl

I samarbeid med kunnskapsrike og nysgjerrige lokalhistorikarar i Lesja historielag, har vi prøvd å fylgje opp dei skriftlege kjeldene med å leite i landskapet der Søre Leiret låg. I dag er garden heilt borte, han låg midt ute på eit flatt jorde under Vetl-Kollstad. Det er ikkje funne spor etter hus, grunnmur, omn eller andre konstruksjonar der.

Kart frå Lesja Bygdebok og leiting etter leire ved Kjørvenes. Foto: T Dahl

Historikaren Gerhard Schøning (1722-1780) ga ut reisebeskrivingar frå ei reise i 1775 gjennom Gudbrandsdalen (1775, s. 30) fortel at dei henta leire aust for Prestegarden, ¼ Miil (1,852 km), som høver godt med staden Kjørvenes, som i dag er ein odde ut i elva, men som i 1750-60 var ei øy ute i vatnet. Vi spadde i bakken der, og fann litt av kvart, men ikkje noko leire vi syntes var plastisk nok. Men mange stader fann vi mykje flott, ekstra fin sand, silt, langs elvebreidden, som kunne høve til glasur. Både leire- og sandprøver vart med attende åt Ringebu for meir undersøking av Torbjørn Kvasbø m.fl.  

Anders Romundset, geolog ved NGU, fann eit kart over Kjørvenes som tydeleg syner spor i landskapet etter uttak av masse der. Her er enda mykje å utforske.

Utstilling

Sommaren 2022 hadde Senter for keramisk kunst i Ringebu Prestegard ei utstilling om fajanse på Lesja som del av det fleirårige prosjektet Keramikk laget i Gudbrandsdalen «Fra Fajansefabrikken på Lesja 1760 til MENT på Fåberg 2022». Vi møtte stor velvilje frå eigarane av fajansegjenstandane og fekk låne det eine fatet frå Drammens Museum, to krus og tre fat/tallerken frå Norsk Folkemuseum til utstillinga, samt gode fotografi av gjenstandane.

Vi henta fatet frå Drammen, godt emballert og dokumentert. Gjenstandane frå Folkemuseet kom opp med eige kurer og strenge krav til høg sikring i utstillinga. Dei vart handtert varsamt med kvite vantar, og plassert i lukka montre. Vi fekk kjøpe gode fotografi av alle objekta, som vart del av utstillinga, og er brukt i denne artikkelen.

Torbjørn Kvasbø testa ut nokre prøver av sand og leire frå Lesja som del av i utstillinga. I tillegg vart det gjort studioforsøk på å kopiere nokre av fajanseobjekta, inklusiv dekorering i pottemakeriet som var del av utstillinga.

Frå utstillinga i Ringebu prestegard 2022. Torbjørn Kvasbø orienterer om utstillinga for interesserte medlem iLesja historielag. Foto T Dahl

Fajanse frå Lesja

Vi har gjort nokre etterlysingar om det skulle vera noko fajanse bevara i Lesja, men utan hell så langt. Dei seks objekta som Bay Sjøvold trur kjem frå Lesja, to krus og fire fat, er alle i veldig porøst gods, det same gjeld det femte fatet som ho er usikker på proveniensen til. Dekormalinga kan virke litt enkel i forma, og ein litt usikker strek, som ei utprøving. Ein må nesten sjå på dei som testgjenstandar i eit forsøk på å få i gang ein produksjon. Truleg er det ikkje meir att frå produksjonen.

Godset i gjenstandane er lett gulna med mellomblå handmala dekor. Ingen av motiva er prega av lokale tilhøve, men vi ser spor av akantus i borden på eine fatet. Elles veit vi at det var vanleg å bruke kopparstikk som «forlegg» for dekoren. Det er kjent at Brøsløw hadde reist frå 150 slike i København som han hadde brukt i sitt virke der. Dei tre kyrkjene som er på fata frå Lesja er truleg henta frå slike forlegg, dei er ikkje norske. Om han hadde med seg noko nordover til Noreg, er ukjent, men sannsynleg. Det var hans yrkesveg, og han hadde gått i god lære i København.

Men vi held fram …

Hausten 2022 leita folk frå historielaget med metallsøkjar i området Søre Leiret, og fekk utslag på ein stad om lag der vi var om våren. Dei fann ikkje metall, men klumpar ca. 25 cm ned i jorda, over eit område på ca. 10 m². Metalldetektoren slo truleg ut på bly i glasuren eller tinnoksyden som dei blanda i. Historielaget ynskjer å undersøkje dette området meir. Sommaren 2024 var det arkeolog  med der og leita i jorda, dei fann meir klumpar med glasert gods

Vi vonar det kan bli ei utstilling på Lesja Bygdemuseum i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea og historielaget. Denne interessante og eksotiske produksjonen på Lesja bør bli meir kjent. Det har så langt vore eit veldig interessant samarbeid, lokalhistorikar, historikar, regionmuseet Gudbrandsdalsmusea, geolog, arkeolog, pottemakar, keramikar – og eksperimentering med det evige materialet: leire, basert på lokal leire og sand. Vi har ikkje gitt opp å finne fleire svar. Kan hende det også kan vera andre som har bitar i puslespelet

Kjelder

Bjørneby, KM, og Einbu, Tor. Lesja på 1700-talet – kulturell gullalder. Årsskrift 2015, Lesja Historielag.

Dahl, Torveig. Utstilling om Fayance-Fabriqve. Årbok for Senter for keramisk kunst 2022. Ringebu 2024.

Hjorthøy, Hugo F. Fhysisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbrandsdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, 2 bd., København 1785–86 (opptrykt 1907, faksimileutg. 1956).

Lassen, Nicolai Christian. Dagbok fra 1777 over en Reise gjennom Gudbrandsdalen. 6. januar 1778.

Schøning, Gerhard. Reise gjennom en Deel af Norge i de Aar 1773, 1774, 1775 paa Hans Majestets Kongens bekostning er giort og beskreven af Gerhard Schøning. Bd. 3 Gudbrandsdalen og Hedemarken.

Romundset, Oddvar. Lesja – bygda mellom aust og vest, Familien Sveen, skapande hender i tre generasjonar. Gudbransdalsmusea 2022.

Sjøvold, Aase Bay. Fredrik Wiborg, Christian Brøsløw og fajanseproduksjonen på Lesja. Årsskrift 1999, Lesja Historielag.

Pryser, Tore. Fra bondestand til middelklasse. Årsskrift 1994, Lesja Historielag.

Wikipedia

Kan hende du også liker…